Bjoarvik under tak

Har laga nytt caravan-senter i Hegglandsdalen.

Oddgeir Bjoarvik, som no eig selskapet saman med ein av hans tre sonar, i nye Bjoarvik Bil og Caravan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. jan. 2014 22:03

Bildeserie:

Bjoarvik sel også Tysse-tilhengarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjoarvik kom på plass i Hegglandsdalen i slutten av november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
No har han nærmare 10 bubilar og vogner utstilt under tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
... og eigen avdeling for montering av utstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Denne vesle vogna går det 12-15 av i året. Prisen er på under 150.000. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Romsleg er ho òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjøkken, bad, stove og soverom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjoarvik sel også Tysse-tilhengarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjoarvik kom på plass i Hegglandsdalen i slutten av november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

I november, etter drygt 5 år med sal av bruktbil, bubil og campingvogner frå butikken i Jordmorsvingen, fortalte Oddgeir Bjoarvik i Bjoarvik Bil AS at han ville flytta til større lokale i Hegglandsdalen.

No er Bjoarvik Bil & Caravan på plass med stor, ny utstilling - endeleg under tak - i 500 kvadratmeter i Nils Tengs Lien sitt tidlegare produksjonslokale for dører.

– Vi kom i hus i månadsskiftet november-desember. På denne tida er det lågsesong og ei fin tid å flytta på, men vi har likevel selt både ei campingvogn, ein bruk bubil, tilhengarar og delar etter at vi flytta, seier Oddgeir.

God plass og fine tilbakemeldingar

Frå utandørs-utstilling og få parkeringsplassar har Bjoarvik no fått seg eit representabelt caravan-senter med god plass innandørs.

No har han 6 bubilar og 3 campingvogner under tak, i tillegg til fleire utandørs.

Bak huset står også ei utstilling av Tysse-tilhengarar, som han for nokre år sidan byrja å selja på.

– Vi har hatt ein god start og fått fine tilbakemeldingar. Men vi er naturlegvis spente på våren og sommaren, når sesongen går for fullt.

– Vi er naturlegvis avhengige av ei viss vekst når vi no har skaffa oss større og dyrare lokale.

– Stort nedslagsfelt

– Det gjeld å ha litt på lager, men ikkje for mykje no om vinteren. Bubilar går det litt av heile året, vogner er meir sesongstyrt. I mars får vi inn 6-7 nye vogner.

Finn.no er viktigaste marknadskanal, men også jungeltelegraf og at rykte sprer seg i caravanklubbar drar Bjoarvik nytte av.

– Bubilen og campingvogna vi selte i desember gjekk til folk frå Bergen og Bømlo. Nedslagsfeltet er stort.

Eigarskifte

Bjoarvik starta med bruktbilsal i Industrivegen i 2001, seinare med aksjeselskapet Bjoarvik Bil.

– Selskapet var eigd av meg, bror min Arne og selskapet hans, Bjoarvik Trafikkskole AS. Eg eigde berre 25 prosent, men no har vi endra struktur.

Oddgeir har overtatt trafikkskulen sine 50 prosent, sonen Bjørn Stian har kjøpt onkel Arne sine 25 prosent.

– Eg er også heldig som har med meg flinke folk som mekanikarane John Amundsen og Jan Erik Havsgård.

– Montering av utstyr og garantijobbar på merket utgjer også ein viktig del av butikken. Til mekaniske jobbar har vi avtale med lokale verkstadar, jobbar på hus-delen har vi eige avdeling og utstyr til å ta her i Hegglandsdalen, fortel Oddgeir Bjoarvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.