Arild Halhjem leiger ut mesteparten av anlegget sitt i Naustvågen til Bjørn Askvik sitt firma, Askvik AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arild Halhjem leiger ut mesteparten av anlegget sitt i Naustvågen til Bjørn Askvik sitt firma, Askvik AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bjørn Askvik etablerer seg på Halhjem

Askvik AS har fått strandlinje til båtbutikken sin - overtar delar av fasilitetane til Halhjem Motorverksted.

Kjetil Vasby Bruarøy
25. mai 2016 - 9:30

I 2014, etter to år i båtmarknaden i Austevoll, var Bjørn Askvik tilbake i heimkommunen og starta med sal av båtar frå Askvik. Han har òg utvikla og sett i produksjon eit eige båtmerke med namnet Askvik.

Sjølv om Askvik er ei grend med lange båttradisjonar, og tomta Bjørn rigga butikken på er nær sjøen, har han sakna strandlinje og ein god verkstad.

– Då eg såg at Arild Halhjem ville leiga ut verkstaden sin så slo eg til, fortel Bjørn til Midtsiden.

Askvik AS leiger no både verkstad og to av dei tre slippane på anlegget.

– Eg trappa ned for fem år sidan og har drive slippane mens eg har hatt full jobb som mekaniker i Nordsjøen. I ein overgangsperiode no så driv eg den største slippen vidare, så blir det vel til at Askvik overtar den òg, seier Arild.

Han jobbar framleis i Nordsjøen og ønskjer å leiga vekk heile anlegget.

– Det har vore fleire interessentar, men eg ville at det framleis skulle handla om båt. Då var det kjekt at Bjørn tok kontakt, synest han.

Med hall frå Askvik

Alf Halhjem starta båt- og motorverkstad i Naustvågen på Halhjem i 1974. Lokale kystfiskaar var blant kundane og Alf leverte kran og vinsj om bord.

Sonen Arild overtok i 1992, selte naustet til Rør-Dykk i 1995 og dreiv vidare med slip og i rubbhall på nabotomta.

– Så kom far til Bjørn og ville selja meg ein hall som sto i Askvik, som var brukt som midlertidig lokale for Askeladden etter brannen i 1995, fortel Arild.

Han slo til og det blei startskotet for auka aktivitet i Naustvågen igjen.

No flyttar Bjørn inn igjen i hallen som han var med faren å teikna på 90-talet.

Butikk, verkstad og slipp

Bjørn er svært nøgd med å koma seg til sjøen.

– Her får vi god plass til klargjering og service samtidig som vi får utleige av slipp som ny teneste.

– Båtar er volumvarer, så eg kjem nok i starten til å ha utstilling og lager i Askvik, men med nokre modellar utstilt her på Halhjem.

Askvik AS sel, i tillegg til eige merke, Terhi, AMT, Silver, Tohatsu og Honda. Han seier Askvik AS har blitt ei familieverksemd der både kona, alle dei tre døtrene og ein svigerson er med og hjelper til i drifta.

– Eg har dialog med fleire merke og kan koma til å utvida no når vi har fått betre plass. Til no har eg leigd inn mekanikarar, men målet blir å tilsetja ein fast når vi no får denne verkstaden å boltra oss på, seier Bjørn Askvik.