Brann og beredskap | 02. nov. 2022

Bjørnafjorden har fått ny brannsjef

Espen Storum (35) overtar etter Eivind Hovden.

(Espen Storum, her under orientering i kommunestyret i 2017. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2022 13:34

Espen Storum (35) er tilsett som brannsjef i Bjørnafjorden kommune, opplyser kommunen i ei pressemelding i dag.

Storum er i dag leiar for førebyggande avdeling i Bjørnafjorden brann og redning, og startar i jobben som brannsjef umiddelbart.

Han tar over etter Eivind Hovden, som sa opp stillinga tidlegare i haust. Erik Walden held fram som varabrannsjef.

Brannsjef Eivind Hovden i aksjon under brannen i det gamle barnehagebygget på Søfteland i førre veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBrannsjef Hovden har sagt seg opp

Storum er utdanna branningeniør og har i tillegg ein mastergrad i organisasjon og leiing.

– Eg er svært glad for at Bjørnafjorden kommune allereie har slike talent i organisasjonen, seier kommunalsjef for samfunn, næring og miljø i Bjørnafjorden kommune, Runar Lunde.

– Espen gjorde eit solid inntrykk gjennom rekrutteringsprosessen, og har vist at han har gode og framtidsretta visjonar for Bjørnafjorden brann og redning,

Dei tilsette i Bjørnafjorden brann og redning blei informerte om tilsettinga på eit allmøte i dag, onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.