Lokal | 02. feb. 2021

Bjørnafjorden INP blei stifta i går

Industri- og Næringspartiet har fått lokallag i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden INP blei stifta i går
Oppe f.v.: Joar Nesse, Bjarte Helland, Tommy Sævareid og Camilla Solberg under videomøtet måndag kveld.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. feb. 2021 08:56

Industri- og Næringspartiet (INP), som blei stifta i februar i fjor, fekk måndag kveld tre nye lokallag, eitt av dei er Bjørnafjorden INP.

– Vestland har blitt partiet sitt største fylke, og vi jobbar no med å etablera fleire lokallag i kommunar vi har medlemmar, seier fylkesleiar Joar Nesse.

INP har frå mai 2020 til no fått 2.200 medlemmar. Til samanlikning har Venstre 6.400 medlemmar og Frp 15.600 medlemmar på landsbasis. (Tal frå 1. januar 2020, kjelde: Finansavisen/NTB).

I skrivande stund er det 452 medlemmar i Vestland INP, 24 av desse kjem frå Bjørnafjorden kommune.

Det første styret i Bjørnafjorden INP

Konstituert styreleiar i Bjørnafjorden INP er Nils Ove Lauvik. Med seg i styret har han Camilla Solberg (28) frå Hjelle i Os og Tommy Sævareid (60) frå Balandsneset på Drange.

– Eg har aldri vore medlem av politisk parti før no, og eg har stemt på ulike andre parti, frå sentrum til borgarleg, seier Lauvik.

Lauvik stilte nyleg i intervju med Midtsiden då ein kampanje mot forbod mot bensin- og dieselbilar han lagde for to år sidan brått fekk over 50.000 signaturar.

– Ved sidan av klimapolitikk er eg engasjert i mykje av det som handlar om kysten og fiskeri, seier Lauvik.

Konstituert leiar i Bjørnafjorden INP, Nils Ove Lauvik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Konstituert leiar i Bjørnafjorden INP, Nils Ove Lauvik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Også Camilla Solberg og Tommy Sævareid er utan politisk erfaring. Solberg fortel at ho fekk høyra om partiet då ho var på jobb på plattform i Nordsjøen, og sa seg einig med det meste av partiprogrammet.

– Eg har vakse opp i ein heim med mykje samfunnsengasjement og gode diskusjonar, og eg har alltid stemt ved val. Men no er eg spent. Det blir ei bratt læringskurve, seier Camilla.

Sævareid jobbar for Vestland fylkeskommune og har vore leiar for Os Orienteringsklubb. Han har engasjert seg mot vindkraftutbygging i Noreg. Energibruk og vern av norsk natur var hans inngang til partipolitikken.

– Eg engasjerte meg veldig mot vindkraftutbygginga. Då INP kom på banen og viste tydeleg motstand, og eit partiprogram eg elles kan seia meg einig i, fann eg ut at det var på tide å delta, seier Tommy.

– Mange modige steg

INP fekk danna 11 fylkeslag før nyttår, og er no oppe i 30 lokallag. I går blei Bjørnafjorden, Karmøy og Volda stifta.

Bjørnafjorden INP hadde nestleiar i partiet, og konstruktør av INP, Bjarte Helland med i møtet.

– Eg opplever at mange er samfunnsengasjerte, men ser at det å bli medlem i eit parti er ein høg terskel. Å ta styreverv er ein endå høgare terskel. Her har vi tre nykomarar i politikken som vel å ta det steget, i eit nytt parti. Det synest eg er modig gjort!

– Samtidig gler det meg å sjå at partiprogrammet vårt har denne effekten på vanlege arbeidsfolk over heile landet, seier Helland.

Leiar for Vestland INP, Joar Nesse, var òg utan erfaring då han meldte seg inn.

– Eg har sjølv bakgrunn frå petroleumsnæringa, og har erfaring frå fagforeininga SAFE, men ikkje noko politisk erfaring, seier fylkesleiar Joar Nesse.

– Blant årsakene til at eg meldte meg inn, er at eg synest det er på tide at fleire arbeidsfolk engasjerer seg i politikken igjen. I dag er det mest yrkespolitikarar å sjå, andre blir ikkje høyrde.

– Mange skriv rikeleg med kommentarar på Facebook, og trur at «no har eg gjort mitt», men dette er ikkje nok.

Vestland INP har lokallag på Stadt, i Bergen, Kvinnherad og Bømlo, der Nesse er frå.

– No jobbar vi med etablering av fleire lokallag fram mot Stortingsvalet til hausten. Kvam, Høyanger og Øygarden er blant dei som ligg an til å bli dei neste.

«Utvikling, ikke avvikling»

Industri- og Næringspartiet blei stifta på Vemork på Rjukan 29. februar 2020.

INP blei godkjent som nasjonalt politisk parti 6. mai i fjor, etter å ha samla inn dei naudsynte 5000 underskriftene.

Vestland INP blei stifta 17. mai, Bergen INP 30. juli.

INP blir skildra som eit sentrumsorientert, moderat parti, og bruker slagorda «Stabilitet og forutsigbarhet» og «Utvikling, ikke avvikling».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.