Kultur | 20. des. 2019

Bjørnafjorden skyter opp frå Fusafjorden

Sånn blir kommunen sitt nyttårsfyrverkeri.

Bjørnafjorden skyter opp frå Fusafjorden
Fyrverkeriet i Os hamn 1. januar 2017. (Foto: Erik Ask)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. des. 2019 11:16

Bjørnafjorden kommune adopterer Os sin tradisjon med nyttårsfyrverkeri 1. nyttårsdag i staden for rundt midnatt.

Det er framleis ProPyro frå Os som skal skyta opp, men ikkje frå moloane i Os hamn.

I år blir det ei feiring av inngang på nytt år kombinert med markering av samanslåing av kommunane Os og Fusa.

Fyrverkeriet blir skote opp frå ein flåte i Fusafjorden - litt sør for Sandholmane - klokka 18.00.

– Med lagleg vêr blir det storslått og godt synleg frå store deler av Os og Fusa, seier kultursjef Erik Vangsnes.

Han oppmodar innbyggarane om å setja frå seg bilen og samla seg på fjelltoppar og langs strender som gir god utsikt.

– Er du i sentrum på Os bør du parkera på Osøyro og gå ut til for eksempel Steinneset eller Lyngheim, der kjem du tett på, anbefalar han.

Om det blir dårleg vêr blir oppskytinga utsett til helga etter 1. nyttårsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.