Bjørnafjordingar og jobbane deira
NÆRINGSNYTT VEKE 50: I Bjørnafjorden finst det mange som tek sats – og landar på beina.


Velkomen til nyheitsbrevet vårt, Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du også vil vere blant dei hundrevis som får nyheitsbreva våre rett i eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på desse her.
Skaper sin eigen arbeidsplass
Marita Haugland har skapa sitt eige produkt, og gjennom det sin eigen arbeidsplass i selskapet Coverskin AS.
Gründeren har nyleg fått patent for produktet sitt, oppstartsmidlar frå Innovasjon Norge, og 4. desember kom seinaste oppturen: gründerstipend på 50.000 kroner for å vinne kåring av den beste pitchen av produktet sitt.
– Veldig kjekt! seier Haugland.
– På tre minutt er det ganske bra å få 50.000 kroner. Det er bra minuttpris, seier gründeren og ler.
Responsen frå YouTube-verda let ikkje vente på seg
Maria Leite Kallevik er ein sjølvlært, ung filmskapar og VFX-artist. 22-åringen har vekse opp i Bergen, men er no busett i Bjørnafjorden.
Ho gav seg sjølv fem år for å sjå om ho kunne leve av lidenskapen.
– Om det gjekk skeis, kunne eg ta meg ei utdanning. Men eg ville verkeleg prøve. Og så gjekk det – mykje fortare enn eg hadde trudd, seier Kallevik.
I år har ho satsa på å lage lengre videoar på YouTube, der den eine videoen hennar har hatt 3,4 millionar avspelingar.
To hattar og eitt klubbhus
Bjarte Aarvik er både medeigar i Aarvik Byggmester AS og dagleg leiar i Søre Neset Idrettslag (SNIL). Framover skal han ha på seg to hattar på samstundes; byggherre og entreprenør.
Idrettslaget skal bygge nytt klubbhus på om lag 740 kvadratmeter over to etasjar.
– Dette blir ein heilt konge. Medlemmane gler seg mykje, seier Aarvik.
– Går inn i 2026 med tydeleg retning
ABO Plan & Arkitektur har fått ny leiing. Alice Bigom har takka ja til rolla som dagleg leiar.
Åshild Blomdal teke over som leiar for avdelinga i selskapet for Areal- og samfunnsplan. Anita K. Egge er økonomi- og administrasjonsansvarleg.
– Vi har eit samla og kompetent lag som har stått i mykje det siste året. No går vi inn i 2026 med tydeleg retning og stor tru på det vi kan levera, seier Bigom.
Ny butikk med ny butikksjef
Mia Askvik har jobba mange år hos Spar og Europris. No får ho ansvaret for den nyaste satsinga i heimbygda: leke- og hobbybutikken Kids Outlet, som opnar på Amfi Os 11. desember.
– Vi er spente på kor mykje trøkk det blir. Konseptet har gått over all forventning andre stadar, og no håpar vi osingane vil ta det like godt imot, seier Askvik.
Kongeleg besøk på dekk
Trålbas Asbjørn Aasen frå Lepsøy fekk eit heilt spesielt mannskap om bord på båten Prinsesse Ingrid Alexandra i Oslofjorden: den verkelege prinsessa og Kronprins Haakon.
– Det var gøy – det er jo litt spesielt, seier Aasen om besøket.
Han fortel at det et kongelege besøket verka oppdaterte og interesserte i forsking og fiskeri, og hadde mange kloke, gode spørsmål.
Frå patent til prinsessebesøk – og alt midt i mellom. Arbeidslivet til bjørnafjordingane er bredt.
Det er kjekt å sjå at folk tør å prøve, tør å endre, og tør å satse, enten det er på eiga verksemd, ny jobb eller lokale prosjekt.
Eg ønsker deg ei god veke vidare – og følg oss gjerne for fleire historier om bjørnafjordingar som er med å bygge både arbeidsplassar og identitet i kommunen vår.
På gjenles,
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist











