Næringsliv | 19. okt. 2012

Bjørnegården er selt

8000 kvadratmeter i Os sentrum skiftar eigar 1. november.

Bjørnegården er selt
Bjørnegården i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. okt. 2012 14:08

Profier har selt Bjørnegården i Os sentrum.

– Vi driv primært med utvikling av eigedom, medan Bjørnegården no er meir over på forvaltning, seier Jan Helge Olsen hos Profier.

Det er drygt 10 år sidan Profier kjøpte eigedomen. Fasaden mot fjorden, som var full i sopp, blei skifta, etasjen på kai-nivå blei rusta opp og nytt ventilasjonsanlegg er på plass i heile bygget.

I tillegg til næringsverksemder og offentlege kontor som NAV og Skattetaten har Bjørnegården 15 leilegheiter organisert i borettslaget StorBergen Boligbyggelag.

Joa Gruppen overtar

Bjørnegården er no selt og kjøpar er Joa Gruppen AS.

– Vi har veldig stor tru på Os, både med den nye vegen som er under planlegging og med den løysingsorienterte og handlekraftige måten Søviknes styrer kommunen på, seier André Angelsgård fra Joa Gruppen AS.

Angelsgård eig Joa Gruppen saman med Jon Olav Hatlegjerde.

Selskapet vaks frå 30 til 70 millionar kroner i omsetnad frå 2010 til 2011 og hadde 1,5 millionar i overskot i 2010, og knappe 500.000 kroner i overskot i 2011.

Vidareutvikling inne og ute

Kontrakt er signert og dei nye eigarane overtar 1. november i år.

– Bjørnegården har mange gode og spennande leigetakarar, samtidig står det litt ledig, lokaler vi kan utvikla vidare.

Angelsgård vil førebels ikkje ut med detaljar, men seier dei sit og teiknar og vil diskutera nye planar med kommunen om ikkje så lenge.

– Det er førebels ikkje snakk om utviding eller tilbygg, men endringar både innandørs og på fasaden.

Ikkje heilt ny i Os

Joa Gruppen har base i Bergen og sit på eigedomar både i Bergen sentrum, Midttun, Ågotnes og utanfor fylket, som i Førde og på Fagernes.

– Vi har sidan selskapet blei stifta i slutten på 90-talet drive med både bustadar, fritidsbustadar og tomteutvikling, men konsentrerer oss no mest om næringseigedom, seier Angelsgård.

Joa Gruppen eig ikkje noko i Os frå før, men har tidlegare, saman med andre, vore eigar av andre bygningar i Brugata i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.