Kultur | 19. mars 2012

Bjørø blant dei beste

Regissør Rolv Lyssand Bjørø følgte opp suksessen i Tromsø med å få flott merksemd under prestisjetunge Minimalen i Trondheim. I tillegg kom invitasjon til Berlin!

Bjørø blant dei beste
Skodespelar Nora G. Svalheim frå filmen Paradox. Regissør Rolv Lyssand Bjørø innfeldt.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. mars 2012 12:57

Av eit utval på 142 var det plukka ut 31 nominerte kortfilmar i Bjørø sin kategori i filmfestivalen Minimalen i Trondheim i veka som gjekk.

– Eg såg dei andre filmane og det var veldig høgt nivå. Her kjempa eg som student mot erfarne bransjefolk, berre det å vera nominert synes eg var veldig stort, seier Rolv til Midtsiden.

Tre av dei 31 nominerte fekk ekstra merksemd. Filmen "Prematur" vann prisen, "Everyone will be OK" fekk Trondheim Kino sin pris og Bjørø sin "Paradox" var den tredje som fekk merksemd, "hederlig omtale".

Bjørø slo blant anna ein film nominert til Oscar (Tuba Atlantic) og ein film som har kome inn i Cannes (Kjøttsår) i kampen om denne omtalen, som i praksis er ein tredjeplass.

– Eit av mine forbilde

Dette sa juryen om filmen: "To a film which makes use of the unique opportunity within the film media to play with time and the collapse of continuity. The surrealistic temporal construction in the film reflects skilfully the inner perception of an episode in the life of the main character."

– At Runar Runarson, ein islandsk regissør som eg ser veldig opp til, sat i juryen, gjer at eg set ekstra stor pris på denne merksemda, seier Bjørø.

Runarson står blant anna bak "Two Birds", av mange sett på som ein av verdas beste kortfilmar.

Berlin-invitasjon som krasjar med Os

Ein annan Lyssand Bjørø-film, "Skyggelys", som blant anna var nominert under TIFF (Tromsø Internasjonale Filmfestival), skal vera opningsfilm under 60 grader nord, filmfestivalen i Os 21. april.

Men festivalen på Os er det så vidt Bjørø får med seg.

– Eg blei invitert til Berlin med filmen Paradox, til ein av dei største studentfilm-festivalane i Europa. Det er veldig stort, men samtidig litt dumt, for eg får knapt med meg opninga på Os før eg må stikka, seier Bjørø.

Han får dekka reise og opphald samtidig som han får vist filmen sin til eit veldig stort internasjonalt publikum i Tyskland.

– Det er noko eg rett og slett ikkje kan seia nei til, seier Rolv.

PARADOX
Regi: Rolv Lyssand Bjørø
Skodespelarar: Daniel Bianchini, Nora G. Svalheim
Kategori: Kortfilm
Produksjonsår: 2011
Speletid: 20 minutt
Handling: Når ei ung kvinne klarer å overtala kjærasten til å rømma opp i fjella med ho for å kunna leva ut sin kjærleik, oppdagar ho at oppfatningane hennar ikkje heilt stemmer overeins med røyndomen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.