Kultur | 18. mars 2015

Bjørø-film på Bergen Kino i dag

Onsdag ettermiddag blir det fleire osingar på lerretet i Bergen, i ein film av Rolv L. Bjørø etter manus av ein annan osing, 18 år gamle Torbjørn Sandmo.

Bjørø-film på Bergen Kino i dag
Iben Vestrheim har hovudrolla i Bjørø sin nyaste film, Glemmer aldri. (Skjermskot frå filmen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mars 2015 10:31

– Torbjørn skreiv dette manuset då han var 17 år. Det er hans første manus og eg er imponert over debuten, seier regissør Rolv Lyssand Bjørø.

Gjennom heile vinter har Bjørø hatt sin førre kortfilm, «The Last Sample», gått som forfilm på Bergen Kino til storfilmen «Interstellar».

I ettermiddag blir den nyaste kortfilmen, 17 minutt lange «Glemmer aldri», vist gratis i KP12 saman med ein annan kortfilm i prosjektet «Røst».

Samarbeid med Fyllingsdalen Teater

Filmen til dei to osingane er spelt inn i Os og Bergen, blant anna med fleire statistar frå Os, men med hovudrolleinnhavarar frå Fyllingsdalen Teater.

– Eg blei kontakta av regissør Vigdis Nielsen, som med suksess har kjørt tilsvarande samarbeid mellom unge filmskaparar og ungdom i teatermiljøet i Stavanger. Ho har sett nokre av dei andre filmane mine og kontakta meg etter at vi møttest under ein filmkonkurranse i sommar, fortel Bjørø.

– Eg har brukt proff fotograf og innspelingsleiar, og elles hatt med meg mange unge talent bak og framfor kamera. Det har vore ein veldig god og lærerik prosess for oss alle, synest regissøren.

Gratis premierevising i dag

Gratisvisinga, som startar klokka 16.45 i dag, er premiere på to filmar i Røst, eit samarbeidsprosjekt mellom Vestnorsk filmsenter og Fyllingsdalen Teater.

– Det blir nok ei litt staseleg premiere med raud løpar og champagnebrus, seier Bjørø.

Dette er dei to filmane som blir vist:

Verdens beste søster (8.30 min)
Det er ikke så lett å ha hemmeligheter for verdens beste søster.
Manus: Arina Magdalena Lindgren
Regi: Vigdis Nielsen
Med: Malene Pedersen Dale, Juni Ellingsen, Henrik Rognaldsen og Aron Jasperr Lona Altinpinar.

Glemmer aldri (17 min)
Victoria (16) har akkurat byttet skole og den eneste hun kjenner er bestevennen Tore. Men når den mest populære gutten på skolen viser interesse for henne, tvinges hun til å måtte ta valget mellom ubegrenset popularitet eller livslangt vennskap.
Manus: Torbjørn Sandmo
Regi: Rolv Lyssand Bjørø
Med: Olav Skogrand, Iben, Vestrheim, Kristian Torgersen og Margaret Jakobsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.