F.v.: Gitte Torp saman med trenarane for laget som startar i neste veke, Hege Sletten og Tone Sælen Lyssand. 

Blant dei første i Hordaland med minilag i Gullserien

Nore Neset il byrjar med tilrettelagt handball for spelarar i grunnskulealder.  

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Dette blir eit godt tilbod for både dei med nedsett funksjonsevne, men òg for andre som ikkje føler dei passar godt inn i lagidrett på sitt eige alderstrinn, seier Gitte Torp.

Ho er utviklingsansvarleg for handball i Nore Neset il, og er takksam for initiativet som har kome inn.

– Tone Sælen Lyssand, som trente 2000-årgangen før dei gjekk til Os, har med seg Hege Sletten. Saman lurte dei på om dette med lag i Gullserien for born var av interesse for idrettslaget, og meldte seg som trenarar. 

– Dette er heilt i tråd med våre ønskje, idrett for alle, og faktisk noko vi hadde diskutert.

Os har seniorlag i gullserien i handball, Søre Neset har Stjernelaget i fotball.

– Men det er så vidt eg veit ingen tilpassa lagidrett i Fusa eller Os frå før, og det er faktisk berre fem klubbar i Hordaland som speler Gullserie i handball.

Første trening neste veke

Idrettslaget vil i starten bruka gymsalen i Nore Neset barneskule, for å skapa enkle, trygge rammer.

– Vi har vore i dialog med kommunen, men veit lite om kva behov og interesse det er for dette.

– Men vi startar med informasjonsmøte og trening onsdag i neste veke (kl 18), og tar det derfrå.

Då kjem det òg ein representant frå handballregionen for å orientera.

– Vi lager ein kaffikrok for foreldra mens treninga pågår, og vi tar imot alle i grunnskulealder, frå 6 til 16 år. Blir vi mange så deler vi dei i grupper, seier Gitte.

 

Fleire saker