F.v.: Camilla, Bjarte, Emilie, Kjetil, Kevin og Terje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Blant dei første miljøfyrtårna i byggebransjen

Byggmester Kjell Aarvik AS er Miljøfyrtårn-sertifisert. Det kan dei koma til å tena pengar på.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gjennom sommarhalvåret 2018 strekte Byggmester Kjell Aarvik AS seg etter ny sertifisering, i september fekk dei papira stempla, i går fekk dei overrekt diplomet at ordførar Terje Søviknes.

– Vi har fleire Miljøfyrtårn i Os, men det er ekstra gledeleg at vi får eit fyrtårn i byggebransjen. Det er mange som snakkar fint om miljø og haldningar, men det viktigaste er handling, og det er akkurat det Aarvik viser her, sa Søviknes.

– Eg er ganske sikker på at de er første firma i byggebransjen i Os som tar dette sertifikatet. I samband med anbodsrundar kan dette gi eit fortrinn, ikkje berre i det offentlege, stadig fleire store private firma har i dag fokus på bærekraft.

På miljofyrtarn.no kan vi lesa at det, ifølgje Sustainable Brand Index, er 6 av 10 som seier at bærekraft påvirker kva dei kjøper, mens ei måling frå Respons Analyse seier at 75 % føretrekk å kjøpa varer og tenester frå miljøsertifiserte verksemder.

Honnør til kvinnene

Firmaet er eigd 100 % av Kjell Aarvik og blir leia av sønene, styreleiar Kjetil Aarvik og dagleg leiar Bjarte Aarvik. Dei har 43 tilsette.

• Les òg: Moment-hus selt på første vising - til rekordpris! (2016)

Aarvik auka omsetnaden frå 56,7 til 88,1 millionar kroner frå 2016 til 2017, og har hatt eit driftsresultat på over 4 millionar kroner kvart år sidan 2014.

– Vi er første Norgeshus-leverandør i Vest, og éin av fire i kjeda, inkludert kjedekontoret, som får status som Miljøfyrtårn, fortel Bjarte Aarvik.

– Det er noko vi har tenkt på lenge, men det var damene som måtte til. Dei fekk sett prosessen i system, seier han om kona og kollegaen Camilla Bagger Aarvik og rekneskapsførar Emilie Halhjem sin innsats.

Konkrete eksempel

Stiftelsen Miljøfyrtårn blei danna 13. november 2003, og tilbyr miljøsertifisering som hjelper private og offentlege verksemder å driva lønsamt og miljøvenleg. Miljøfyrtårn er eit norsk, offentleg sertifikat. Ordninga blir støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.

Kvar bransje har sine krav. I tillegg til dei lovpålagte, som bruk av verneutstyr og sortering av avfall, seier krava for byggebransjen blant anna:

• Transport av materialer skal skje mest mulig direkte fra leverandør til byggeplass - til rett tid og rett sted.
• Systemforskaling skal prioriteres, og de ansatte skal generelt prøve å redusere svinn og kapp.
• I samarbeid med prosjekteringsgruppen skal virksomheten bidra til at bygg blir fleksible i arealbruk, at det brukes materialer og ventilasjonsløsninger som gir godt inneklima, at det brukes materialer med lang holdbarhet og som kan gjenvinnes/brukes på nytt, og at bygget får en miljøvennlig energibærer og et lavt energiforbruk.

– Det handlar om både miljø og arbeidsmiljø. Det er først dei siste åra vi fått gode rutinar på medarbeidarsamtalar, blant anna med systemet «great place to work». Vi hadde mykje på plass frå før, men no fekk vi sett det i system. Som del av sertifiseringsprosessen så har vi fått rydda på eige lager, og kvitta oss med ting som spelolje og anna som burde vore levert til gjenvinning, seier Kjetil.

Bjarte fortel om ulike fysiske tiltak på byggeplassen.

– Det er små og store ting som handlar om miljø og arbeidsmiljø, som å ikkje lima sponplater før på tampen av dagen, for å sleppa å gå i lukta som kjem frå denne limen heile dagen - og å berre bruka elektrisk, framfor diesel, til oppvarming i byggeprosessen.

Selskapet har òg to elbilar. Men mangel på trekkraft til hengarar på rundt 1,5 tonn gjer at ikkje heile bilparkern kan bli elektrisk.

– Både offentlege anbod, og firma vi er inne som underleverandør for, er blant dei vi reknar med vil setja pris på at vi er Miljøfyrtårn. No vil vi òg jobba med å motivera våre underleverandørar til å ta denne sertifiseringa, seier Camilla Aarvik.

Byggmester Kjell Aarvik AS har no slått følgje med blant andre desse Miljøfyrtårna i Os:
Espira Kuventræ barnehage (første Miljøfyrtårn i Os)
Espira Ulvenvatnet
Meny Industriveien
Princess Os Amfi (avd. 393)
Solstrand Hotel & Bad
Vinmonopolet Os
Oseana KF
Os Gymnas

Fleire saker