Næringsliv | 03. jan. 2012

Blant verdas kraftigaste

Då kaptein Trond Bruarøy fekk oppdrag med KL Sandefjord i Bjørnefjorden svingte han innom heimbygda for å visa den 95 meter lange arbeidsplassen sin.

Blant verdas kraftigaste
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. jan. 2012 06:37

Bildeserie:

Hargun-naustet er godt skjult bak 95 meter lange KL Sandefjord. (Foto: KVB)
Hargun-naustet er godt skjult bak 95 meter lange KL Sandefjord. (Foto: KVB)
Frå denne stolen har du full kontroll. (Foto: KVB)
Frå denne stolen har du full kontroll. (Foto: KVB)
Eit av tre opphaldsrom. (Foto: KVB)
Eit av tre opphaldsrom. (Foto: KVB)
Kontor og møterom. (Foto: KVB)
Kontor og møterom. (Foto: KVB)
Den romslege messa. (Foto: KVB)
Den romslege messa. (Foto: KVB)
Og den godt utstyrte byssa. (Foto: KVB)
Og den godt utstyrte byssa. (Foto: KVB)
Når juleflesket skal av igjen ... (Foto: KVB)
Når juleflesket skal av igjen ... (Foto: KVB)
Med kontroll over maskina. (Foto: KVB)
Med kontroll over maskina. (Foto: KVB)
Sånn ser 34.000 hestekrefter ut. (Foto: KVB)
Sånn ser 34.000 hestekrefter ut. (Foto: KVB)
Med oppdrift, kraft og plass til komplett ankersystem til ein heil rigg. (KVB)
Med oppdrift, kraft og plass til komplett ankersystem til ein heil rigg. (KVB)
– Det var tøft å sjå ned på «Storabruo», synest kaptein Trond Bruarøy. Foto: KVB
– Det var tøft å sjå ned på «Storabruo», synest kaptein Trond Bruarøy. Foto: KVB
Captain’s cabin. (Foto: KVB)
Captain’s cabin. (Foto: KVB)
Utsikt frå styrhuset. (Foto: KVB)
Utsikt frå styrhuset. (Foto: KVB)
21 meter til taket av styrhuset. Baugen stikk 6,3 meter djupt. (Foto: KVB)
21 meter til taket av styrhuset. Baugen stikk 6,3 meter djupt. (Foto: KVB)
1 av 14
Hargun-naustet er godt skjult bak 95 meter lange KL Sandefjord. (Foto: KVB)
Frå denne stolen har du full kontroll. (Foto: KVB)
Eit av tre opphaldsrom. (Foto: KVB)
Kontor og møterom. (Foto: KVB)
Den romslege messa. (Foto: KVB)
Og den godt utstyrte byssa. (Foto: KVB)
Når juleflesket skal av igjen ... (Foto: KVB)
Med kontroll over maskina. (Foto: KVB)
Sånn ser 34.000 hestekrefter ut. (Foto: KVB)
Med oppdrift, kraft og plass til komplett ankersystem til ein heil rigg. (KVB)
– Det var tøft å sjå ned på «Storabruo», synest kaptein Trond Bruarøy. Foto: KVB
Captain’s cabin. (Foto: KVB)
Utsikt frå styrhuset. (Foto: KVB)
21 meter til taket av styrhuset. Baugen stikk 6,3 meter djupt. (Foto: KVB)

Måndag formiddag segla KL Sandefjord inn Strøneosen og klappa varsamt til kai ved Hargun sitt naust på Sundøy. Kvifor?

– Eg måtte berre innom og visa båten. Og interessa var stor, eg såg det sto folk i vindauga heilt frå Tongane og inn, ler kaptein Trond Bruarøy.

På kaien sto fleire og venta og i løpet av dei første timane hadde han rundt 15 personar om bord på omvising i båten som kosta 980 millionar kroner å bygga.

Det mest spesielle med båten er den enorme slepekrafta på 390 tonn, i øvste klassen av dei sterkaste båtane i verda.

Såg ned på "Storabruo"

Den ruvande båten er 95 meter lang, 24 meter brei og veg 4045 tonn. Grosstonnasje (vekt med maks last) er på 8.360 tonn.

– Det var litt tøft å koma inn her og sjå ned på "Storabruo", seier Trond.

KL Sandefjord er 36 meter høg til mastetoppen, 21 meter til toppen av styrhuset. Lepsøybrua har fri seglhøgde på 14 meter.

Båten var letta for ballast då den la til kai og stakk då 6,3 meter djupt framme, 7,3 meter bak. Djupna der baugen ligg er på 7 meter.

På oppdrag i Bjørnefjorden

Årsaka til at Bruarøy kunne koma innom heimkrinsen sin med den store båten er at han er på oppdrag i Bjørnefjorden. KL Sandefjord er saman med søsterskipet KL Saltfjord og eit tilsvarande skip, men med annan design; Siem Ruby, med flyteriggen Song Delta, som for tida ligg på vêret.

Les òg: Ligg på vêret

– Vi var med ut i Nordsjøen, 70 mil vest for Bømlo, men fekk vêrvarsel som gjorde at vi måtte koma oss innaskjers. No ligg to av båtane og held riggen i posisjon medan eg fekk tid til å ta meg ein tur heim, seier Trond nøgd.

Japanske eigarar - oppdrag i Nordsjøen

STX OSV Langsten bygde KL Sandefjord, som i januar i fjor blei levert til det japanske reiarlaget «K» Line Offshore, som har avdeling i Arendal.

– Vi jobbar på spotmarknaden i Nordsjøen, men båten har også vore på rescue-trening i Spania saman med Nato. Der øvde dei på å launche ubåtar til redning av personell på havarerte ubåtar, fortel kapteinen.

Bruarøy jobba i 10 år for Farstad Shipping, på tilsvarande, men mindre båtar, før han i april i fjor blei kaptein på KL Sandefjord.

– KL Sandefjord er i hovudsak designa for flytting og forankring av riggar, men er bygd på ein måte som gjer den fleksibel. Vi tar for eksempel også transportoppdrag til og frå plattformer.

Får eigen ubåt

I februar skal KL Sandefjord få innstallert eigen ROV (remote operated vehicle).

– Dette er ein fjernstyrt ubåt som blir styrt av eige personell som vi tar med om bord når oppdraget inneheld bruk av ROV-en.

ROV-en kan blant anna brukast til å verifisera at ankera ligg rett.

Trond viser oss ivrig rundt på dekk, både der ROV-en skal stå, med eigen "sugekopp" til å løfta den ut på oppdrag, og dei sterke vinsjane, den eine med 4 meter diameter og kraft til å taua inn 90 meter kjetting i minuttet (15 meter i sekundet).

Effektiv levering

Med storleiken og krafta kan KL Sandefjord frakta heile forankringssystemet til ein rigg, utan tilleggsbåt. i posisjon kan dei legga ut åtte anker med vire så alt ligg klart til riggen kjem.

– Når du får alt i éin båt, og kan legga ut ankera på førehand, sparer vi tid og blir konkurransedyktig i marknaden, seier Trond, som sidan april har vore med på å flytta åtte riggar.

Bruarøy jobbar turnus med 4 veker på og 4 veker av. KL Sandefjord er bemanna med mannskap på 18, men har plass til 70. Ein av dei han har med seg om bord er Jan Åge Lyssandtræ frå Os, som er på sin første tur offshore.

Komfortabel arbeidsplass

Frå det romslege styrhuset har kapteinen full kontroll framme og bak på båten. Vil han eller andre av mannskapet slappa av kan dei velja mellom tre stover, eller ein tur i den store messa.

Vil dei byrja 2012 med gode vaner kan dei ta turen i det godt utstyrte trimrommet.

– Vi har det godt om bord! I romjula hadde eg ungane med nokre dagar, og dei koste seg veldig om bord, fortel Trond Bruarøy før han måndag ettermiddag la frå land for å gå ut i Bjørnefjorden og sjå at riggen Song Delta låg stødig.

Maritimt Magasin sine heimesider kan du sjå fleire detaljar om KL Sandefjord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.