Lokal | 19. juni 2012

Blar opp 1,9 millionar

For ein månad sidan fekk BOF stadfesta at Ervikane blir sikra frå sal på den opne marknaden. I dag kom meldinga om at pengane er sett av.

Blar opp 1,9 millionar
Dei tre friluftsområda blir likevel ikkje lagt ut på den opne marknaden. (Ill. Statskog)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. juni 2012 20:02

Os kommune og Bergen og Omland friluftsråd starta i vinter ein reguleringsprosess for å sikra områda Ervikanee, Oksebåsen og Vetlaneset til friluftsføremål. Prosessen vart initiert av at grunneigar Statsskog ville leggja eigedommane ut for sal.

Les òg: Kva kan skje med Ervikane

Dei tre områda er på i alt 1000 mål, med fantastiske strender og hamnefasilitetar, midt i den fantastiske Os-skjergarden. Spesielt Ervikane er rekna som eit av dei viktigaste friluftsområda i Bergensregionen.

Les òg: Med godt nytt om Ervikane

– I dag kom gladmeldinga om at Direktoratet for Naturforvaltning (DN) har sett av 1,9 millionar kroner til kjøp av dei regulerte friluftsområda. For Os kommune, bergensregionen og friluftslivet generelt er dette ein ny suksesshistorie der vi gjennom gode og kreative prosessar sikrar viktige friluftsområde for folk flest, skriv ordførar Terje Søviknes i ei pressemelding tysdag kveld.

– Ein spesiell takk går til dagleg leiar i Bergen og Omland Friluftsråd, Åge Landro. Utan hans engasjement og dialog med partane hadde ikkje dette vore mogeleg, legg Søviknes til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.