Fotball | 20. feb. 2020

Blei banens beste mot Kina - tatt ut til ny samling med J19-landslaget

Madelen Koldal Holme og J19-landslaget skal spela mot Tyskland, Italia og Frankrike.

Blei banens beste mot Kina - tatt ut til ny samling med J19-landslaget
Madelen (nede t.v.) med J19-landslaget i USA. (Foto: Anne Karin Østensen, fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. feb. 2020 10:21

Madelen Koldal Holme, som fyller 18 år i dag, er ein av 22 spelarar som er tatt ut til samling med jenter 19-landslaget på La Manga i Spania i mars.

– Det var fantastisk å vera to veker i Florida i januar, og veldig kjekt då eg i går fekk veta at eg får vera med 01-gjengen til La Manga, seier Madelen til Midtsiden.

Kampane i Florida var hennar første etter det lange skadeopphaldet frå hausten 2018. No er ho blant 6-7 spelarar frå tre-kontinent-turneringa som får vera med til Spania.

Avgjorde mot Kina

– Eg kjente at eg kom meir og meir inn i det i første kamp, og blei betre og betre utover i turneringa. Vi hadde tøff motstand og øver ny spelestil, men det var veldig godt å spela kamp igjen.

Noreg tapte 5-1 for Nederland og 5-0 for USA før dei spelte 1-1 mot Kina.

Madelen fekk ros etter kampen mot Nederland og blei saman med kapteinen kåra til beste norske etter kampen mot Kina, der innlegg av Madelen pressa fram eit sjølvmål av Kina.

Får 2,5 veker på La Manga

Samlinga på La Manga inneheld kampar 5., 7. og 9. mars mot Italia, Tyskland og Frankrike. I forkant av landslagssamlinga skal Madelen til La Manga med Arna-Bjørnar.

– Vi reiser laurdag og skal blant anna spela mot Rosenborg.

Holme blir anten verande i Spania fram til landslagssamlinga, eller ein snartur heim for møte i Oslo før avreise med J19.

– To veker i januar-februar og nye 2,5 veker no, er det mykje å ta igjen på skulen innimellom toppfotballen?

– Eg fekk heldigvis gjort ein del skulearbeid i Florida, og på fly til og frå USA, men det har likevel vore mykje å ta igjen etter at eg kom heim. Samtidig er det tøff oppkøyring til seriestart, så det har blitt litt travle kveldar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.