Politi | 23. jan. 2022

Blei bedt om å ta ei vurdering av wunderbaum-klynge

Høg fart, ulovleg rus og dårleg sikt er blant notatane til politiet frå natta.

Blei bedt om å ta ei vurdering av wunderbaum-klynge
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. jan. 2022 08:12

I 16-tida laurdag blei ein bil stoppa på Ulvenvegen. Bilførar er ein gut i slutten av tenåra.

– Han fekk beskjed om å skru av kupélyset når han køyrer, og om å ta ei vurdering på wunderbaum-klynga han hadde hengande i speglet og blokkering av sikt, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Tenåring meldt for narkotikabruk

I Os sentrum stoppa politiet ein annan gut i slutten av tenåra. Han var ikkje bak rattet, men framsto som rusa på andre ting enn alkohol.

Politiet fann også noko stoff på guten, som dei meiner er narkotika. Vedkomande er meldt for bruk og besittelse.

Fekk hjelp til å avslutta fest

Ein fest i Øyane blei runda av i 22.30-tida.

– Vi hjelpte ei jente i tenåra med å avslutta ein fest med gjestar ho sjølv ikkje hadde invitert.

Tre prikkar på Byvegen

I 03-tida i natt blei ein bil målt i høg fart på Byvegen.

Bilførar fekk forenkla forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Det står ikkje notert kva fart vedkomande køyrde i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.