Kultur | 13. okt. 2010

Blei bestemor – skreiv bildebok

Bente Bratlund lanserte tysdag si ferske barnebok «Mons Marius er ei løve».

Blei bestemor – skreiv bildebok
Andris Hamreonsdag 13. okt. 2010 10:37

Når mamma og Mons Marius skal til barnehagen om morgonen blir Mons Marius til mange dyr, han blir ein snigel, ein tøysete apekatt, ein koalabjørn som berre vil klemme mamma når dei kjem til barnehagen, før han flyr av gårde som ein fugl når han ser vennane sine.

«Mons Marius er ei løve» er Bente Bratlund si første bildeboka.

- Det er utfordrande å skrive for så små barn, det er plass til så lite tekst, seier Bente Bratlund i ei pressemelding.

Inspirasjonen til å skrive boka fekk ho då ho vart bestemor. Og det endte i ei ekte gjette- og tøysebok der tekst og bilete samarbeidar tett om å fortelja ei historie som både barn og foreldre kjenner seg att i og frydar seg over.

Boka har Bratlund samarbeida med Stina Langlo Ørdal om å laga. Ørdal har laga illustrasjonane medan Bratlund har stått for teksten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.