Lokal | 16. nov. 2011

Blei einvegskjørt i dag

I natt blei Brugata sperra for innkjøring, men ikkje utkjøring.

Blei einvegskjørt i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. nov. 2011 10:58

– Det tar nok litt tid før folk blir vant med dette, seier parekringsvert Elisabeth Thomassen.

Ho har jobba med skiltplanen for Os sentrum og fortel at dei natt til onsdag «avduka» skilta som fortel at det er innkjøring forbode i Brugata.

– Samstundes sette vi opp sperring for fysisk å laga hinder for innkjøring.

Då Midtsiden tok bilde i formiddag var det ikkje skilta godt nok for dei som kom frå Hatvik mot sentrum, men i skrivande stund er det kome skilt nærmare brua òg.

Forlenger fortauet

Sperringa som hindrar innkjøring skal stå heilt til permanent sperring er på plass.

– Fortauet utanfor Nordea skal forlengast over det som tidlegare var kjørefelt for trafikk inn i sentrum, og så gå over i fotgjengarfelt, opplyser Thomassen.

OBS! Berre éin veg!

I tillegg til at det no ikkje er lov å kjøra inn Brugata frå Hatvikvegen er det to andre omsyn å ta:

• Når du skal ut på Hatvikvegen frå sentrum må du svinga til høgre, venstresving er forbode.

• Brugata er einvegskjørt. Det betyr at når du passerer GH Interiør og Fagerthun med bil så har du ikkje lov å snu og kjøra ut igjen.

– Har du for eksempel kjørt inn til DNB, Posten eller G Sport, og skal vidare, så må du kjøra ut på Hatvikvegen og ta til høgre.

Les òg:
Dette har du ikkje sett før
(Oversikt over soner og P-reglar i sentrum)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.