Lokal | 26. juli 2018

Blei forbikøyrd av «snøskuter» på bakhjulet

– Anten har meldar notert feil registreringsnummer, ellers har motorsykkelen feil skilt.

Blei forbikøyrd av «snøskuter» på bakhjulet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. juli 2018 07:32

Onsdag klokka 20.21 fekk politiet melding om uforsvarleg køyring med motorsykkel i Os sentrum.

– Meldar fortel om forbikøyring som kryssa heiltrekt midtlinje, seier konstituert politioverbetjent Thomas Juulseth.

Motorsykkelen køyrde dessutan på eitt hjul.

Meldar hadde notert registreringsnummer på den aktuelle motorsykkelen, men her landa politiet i feil årstid.

– Anten har meldar notert feil, ellers har eigaren av motorsykkelen feil skilt. Nummeret vi fekk opplyst tilhøyrer ein snøskuter, fortel Juulseth.

Henta mann i 60-åra etter krangel

Tidlegare på dagen, klokka 15.47, fekk politiet melding om høg musikk og støy frå krangel frå ei adresse dei har kjennskap til frå før.

– To menn i 50- og 60-åra, som har besøksforbod mot kvarandre, var i bustaden. Vi fjerna mannen i 60-åra frå adressa og køyrde han heim.

Røykutvikling i høgtrykksspylar

Klokka 20.46 onsdag kveld kom det melding om røykutvikling ved ARKA.

– Det var ikkje brann, men varmgang i ein dieseldriven høgtrykksspylar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.