Lokal | 06. mai 2009
Blei forkjørskryss
Gamalt kryss - nye reglar.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2009 22:22
Arbeidet med ny gang- og sykkelveg mellom Kolskogen og Ulvensletta er snart ferdig. Medan vi ventar på at autovernet skal koma opp, har nye skilt kome på plass. Skilt som kanskje det kjem til å ta tid før alle trafikantane venner seg til.
Ulvenvegen, som ikkje er forkjørsveg, har fått forkjørsrett i krysset med Lyseklostervegen. Bilane som kjem frå Lysefjorden må frå no av vika for trafikk både frå høgre og venstre før dei kjører mot Os.
Det er ikkje mange dagane sidan skilta kom opp, og førebels har trafikken i krysset, så vidt midtsiden.no kjenner til, gått trygt og fint.