Lokal | 10. apr. 2012

Blei fotgjengar på livstid

Ein mann i 40-åra er dømt for å kjøra utan førarkort seks gongar, to av dei i hasj- og amfetaminrus.

Blei fotgjengar på livstid
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. apr. 2012 10:27

Før påske blei ein mann frå Fana dømt i Bergen Tingrett for fleire tilfelle av kjøring utan gyldig førarkort, og medan han var påverka av narkotika.

Fleire av kjøreturane var mellom Os og Bergen, ein av kjøreturane var med "tjuvlånt" bil, ein annan med stolne skilt på eigen, uregistrerte bil.

To gongar i desember 2009 blei han stoppa på Nore Neset utan førarkort, i mars 2010 blei han stoppa utan førarkort og i hasj- og amfetaminrus i Lysefjorden.

I tillegg blei han i januar 2010 tatt med nesten 20 gram metamfetamin og 10 valium. I september 2010 blei han tatt med rett over 20 gram amfetamin, 3 gram hasj og 15 narkotiske tablettar.

Tiltalte møtte ikkje i retten.

Mannen, som er i 40-åra, blei dømt til å betala 10.000 kroner i bot, 2500 kroner i sakskostnadar og å tapa førarretten for alltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.