Lokal | 23. okt. 2015

Blei grilla på skulen

Patrick måtte til Haukeland på hjartesjekk etter eit uhell i naturfagtimen.

Blei grilla på skulen
Patrick Wilhelmsen fekk i seg seks gongar så mykje straum som det som blir rekna som farleg. Fire månadar etter ulykka kjenner han det framleis på kroppen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. okt. 2015 21:34

Bildeserie:

1 av 1

Læraren trudde at Patrick Wilhelmsen hadde kopla seg til 10-20 volt, i staden fekk han 230 volt gjennom overkroppen i over 10 sekund.

– Eg slit framleis litt med finmotorikken, fortel Patrick etter ulykka, som var for fire månadar sidan.

– Det lukta svidd

Det var i ein naturfagtime med praktisk undervising i elektrisitet at 16-åringen frå Os fekk seg ein kraftig lærepenge.

Os ungdomsskule er nyleg totalrenovert, men noko av utstyret er gamalt. Mens læraren, som var vikar, skulle justera på straumstyrken, sto Patrick klar til å kopla leidningane på ein liten el-motor.

Då vikaren gav grønt lys tok han klemmene på, men der var det meir spenning enn kva som er sunt.

– Vi trudde først at han tulla, men så lukta det svidd, fortel kameraten Henning Rokne Gylløw.

Han meiner Patrick blei ståande i 15-18 sekund, med 230 volt straumgjennomgang frå arm via bryst til den andre armen, før han klarte å sleppa taket.

– Det var som om overkroppen låste seg. Heldigvis klarte eg til slutt å koma meg laus, seier Patrick.

Kvalm og svimmel

Mens kameraten fortel at Patrick var «likbleik» i ansiktet etterpå, mens han «plar vera ganske brun», seier Patrick sjølv at han kjente seg svimmel og kvalm.

Skjorta hadde svimerke og han hadde svimerke på brystet i fleire veker etter ulykka. Også fingertuppane var svidde og han har framleis både skjelvingar og litt problem med finmotorikken.

Hamna på Haukeland

Læraren trudde framleis at det var maksimalt 24 Volt han hadde fått gjennom seg, men valde likevel å kontakta lege. Tilsyn med allmenntilstanden var rådet frå legen. Foreldra blei også kontakta.

– Vi var i Syden og eg sa først at det sikkert kom til å gå bra med han, fortel mora, Veronika Wilhelmsen.

Då ho la på reagerte mannen, Knut Martin Mjånes, som har tryggleikserfaring frå jobb i Nordsjøen og som har far med elektro-bakgrunn.

– Vi ringte opp igjen og høyrde om det faktisk var 24 Volt eller om han kunne fått i seg sterkare spenning. Vi ville uansett ha Patrick på sjekk for å unngå eventuelle seinskader.

Nokre timar seinare var Patrick sin tistand dårlegare, og lege blei kontakta på nytt. No blei det bestemt at han skulle til undersøking på Haukeland. Medan Patrick var på sjukehuset undersøkte elektrikar anlegget. Det viste seg då at Patrick hadde kopla frå feil leidning og fått i seg 230 Volt alle dei minst 10 sekunda han hadde straumgjennomgang i overkroppen. Sjukehuset blei underretta om dette.

– Var truleg nær hjartestans

Kameraten Henning nemnte naurlegvis episoden ved middagsbordet heime.

Tilfeldigvis jobbar faren, Jan Kristian Rokne, som kurshaldar innan forskrift om tryggleiki elektriske anlegg for alle som jobbar med elektriske installasjonar.

– Om du for eksempel har vore utsett for lågspent med straumgjennomgang gjennom kroppen, om du føler deg svimmel eller om du har lammelse eller andre teikn på nerveskader så skal du til lege for sjekk, seier Rokne.

– Styrken på strømmen og tida er avgjerande. Allereie ved 30-40 milliamper byrjar det å bli farleg. Patrick har truleg fått i seg omkring 230 milliamper ved 230V. Dette kan føra til hjertestans.

Sjå illustrasjon over.

Tilbyr kurs til skuleleiinga i Os

Rokne, som jobbar hos PQS AS, har sendt informasjon til skulen og tilbydd kurs.

– Mange institusjonar er flinke med førstehjelp, men det er nok fleire som ikkje er klar over kor viktig det er å forebygga elulykker eller å ha kunnskap og gode rutiner om det skjer ei ulykke.

Burde skulen gjort noko annleis?

Patrick si mor, som tidlegare har vore leiar i det kommunale foreldreutvalet (KFU) er skeptisk til både det gamle utstyret i den nyoppussa skulen, til vikarbruken i skulane i Os og til kunnskapen innan el-tryggleik.

– Det tok ein time før skulen ringte meg, det tok to timar før Patrick, på vår oppfordring, blei sendt til lege - og eg veit heller ikkje om vikaren hadde god nok opplæring i bruk av den gamle eltavla. Eg skuldar ikkje på nokon, men eg lurer på korleis rutinene er ved alle skulane i Os, seier ho.

Rektor ved Os ungdomsskule seier han er glad for at det, trass alvoret, gjekk bra med Patrick, som no er elev på vidaregåande skule. Rektor er nøgd med at lærar var rask til å kontakta lege, og følgde dei råda han fekk der. Etter denne ulukka er utstyret i det aktuelle klasserommet merka betre.

– Hovudårsaka til problemet var ikkje den gamle eltavla, den kan maksimalt gje ut straum i «batteri-styrke», men at det hang leidningar med 230 Volt frå taket side om side med leidningane frå tavla. Desse er tjukkare, så det går an å sjå forskjell, men dei var ikkje merkt skikkeleg. Det er dei no, seier Kåre Lutro.

– Kunne rutinene og kunnskapsnivået vore betre?

– Vikaren som hadde elevane har erfaring frå både naturfag generelt og i bruk av tavla. Men vi har tatt imot epost frå Rokne og er interessert i å få ei kursing i dette. Eg har òg etterlyst teknisk gjennomgang av skulen etter oppussinga. Det har eg bedt om fleire gongar utan å få det, seier Lutro.

Dette skriv Nelfo (forening for EL- og IT-bedriftene i Norge) om straumulykker:

Strømulykker kan gi umiddelbare skader, som brannsår og hjertestans, og senskader i form av muskel- og skjelettplager, psykiske lidelser og skader på nervesystemet. Det er derfor viktig at personer som har blitt utsatt for strøm får oppfølging av helsevesenet.

Ta alltid kontakt med helsevesenet om den forulykkede har:
• vært utsatt for lavspent strømgjennomgang med sannsynlig strømvei gjennom kroppen
• vært utsatt for høyspent strøm
• vært utsatt for lynnedslag
• vært bevisstløs eller omtåket etter ulykken
• fått brannskader
• har tegn på nerveskader (for eksempel lammelser)

Sjå òg dsb.no (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) om straumulykker (pdf)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.