Blei kåra til årets dommarpar

Jørgen Wold og Fredrik Andresen kåra til årets dommarpar.

Jørgen Wold og Fredrik Andresen blei kåra til årets dommarpar i herre 3. divisjon. Prisen blei delt ut av Hans Petter Andersen, saman med konferansier Anders Fältnäs (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 25. mars 2018 11:03

Laurdag avslutta handballen 3. divisjonssesongen med felles serierunde i Sotra Arena. Etter kampane var dame- og herrespelarane samla på bankett på Scandic Bergen City, kor vinnarane blei heidra og det blei delt ut ein rekkje prisar til årets spelarar, arrangørar og dommarar.

Som årets dommarpar for herrene sin 3. divisjon blei Jørgen Wold og Fredrik Andresen kåra og fekk velfortent heider tildelt av dagleg leiar i NHF Region Vest, Hans Petter Andersen.

– Dei har vist stor framgang gjennom sesongen og har stått på i gruppe 1 som er det øvste regionale nivået, fortel Andersen.

Har potensiale

Andersen meiner Wold og Andresen har stort potensiale.

– Dei er eit dommerpar vi venter mykje av og har tru på at dei vil ta stega vidare opp i divisjonane. Dei har allereie dømd fleire kampar i 2. divisjon, både på dame og herresida, så dei må berre helde fram med det harde og målretta arbeidet.

– Eg blir ikkje overraska om vi ser dei i eliteserien om nokre år. Dei har allereie dømd nasjonale arrangement som bylagsturneringa kor dei gjorde ein fin figur, avslutter Andersen på veg til Follo for sjølv å dømme herrer 1. divisjon og kampen mellom Follo og Lillestrøm.

Wold og Andresen dømmer for Nore Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.