Politi | 30. apr. 2022

Blei køyrd heim av politiet - kom tilbake for å henta bilen

Mann utan førarkort mistenkt for promillekøyring.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. apr. 2022 08:36

I 01.15-tida natt til laurdag fekk politiet melding om eit par som krangla utanfor ein restaurant på Søfteland.

Dei skal i periodar ha stått ute på E39 og krangla.

Politi og ambulanse rykte ut til staden. Paret blei køyrd heim, men det enda ikkje der.

– I 03.30-tida fekk vi melding om at mannen hadde kome tilbake og henta bilen sin, som sto ved restauranten, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Då politiet kom til adressa, sto bilen utanfor heimen.

– Mannen nekta for å ha køyrd bilen, men blir blit meldt. Han blei tatt med til legevakt for blodprøve, og er mistenkt for både å ha køyrd i ruspåverka tilstand og for køyring utan førarkort.

Amper stemning blant 40 ungdomar

Klokka 22.10 fekk politiet melding om at mange ungdomar var samla utanfor Rema 1000.

– Meldinga gjekk ut på at det var amper stemning, men det var roleg på staden då patruljen kom fram. Rundt 40 ungdomar var samla på plassen.

Henta full og plagsam mann

Tidlegare fredag kveld var det også ein som måtte ha hjelp.

Politiet fekk klokka 20.20 melding om ein rusa mann som var plagsam i Os sentrum.

Han var full, og skal ifølgje politiet ikkje ha visst kvar han var. Politiet fann ut kvar han budde, og køyrde han heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.