Kultur | 22. sep. 2017

Blei med på BlimE-dansen 2017

Klokka 12 i dag dansa over 300.000 born den same dansen. Sånn såg det ut på Kuventræ.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 22. sep. 2017 11:53

BlimE! er ein kampanje som NRK Super lanserte i MGPJr 4. september 2010. Kampanjen har fokus på venskap og omsorg.

Kampanjen fekk seinare ein eigen dans, som elevar over heile Noreg, og på norske skular i utlandet, øver inn.

Samkøyrd markering

Kvart år dansar over 300.000 elevar den same dansen - samtidig!

I dag var det tid for årets BlimE-dans, klokka 12 dansa elevar frå ei rekkje skular. Dansane rundt omkring i landet blei filma og blir fortløpande lasta opp på nett.

Søfteland barneskule var første skule i Os som lasta opp video.

Sjå BlimE-dansen over heile landet, film for film markert i dette kartet på NRK.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.