Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Blei mishandla av sambuaren i åtte år

Ein mann frå Os er dømt til fengsel i over to år for grov mishandling.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ei heil veke var sett av og 22 vitne gav forklaring då saka mot ein mann frå Os, mistenkt for grov mishandling av tidlegare sambuar og sonen deira, var oppe i Bergen tingrett i månadsskiftet januar-februar. Fredag blei dommen forkynt.

Tiltalte er ein mann i 30-åra.

Valden starta same år som kvinna flytta til Noreg. Ho trudde forholdet skulle betra seg då dei fekk ein son, men det blei ikkje slutt på valden eller trugslane, som heldt fram til dei gjekk frå kvarandre etter ei hending i mai 2015.

Han var tiltalt for blant anna:

• Gjentatte gongar å ha slått sambuaren i hovudet og på kroppen, og å ha sparka ho i skrittet.

• Slått og sparka sambuaren mens ho heldt paret sin son, så han òg blei råka, fekk sprekk i leppa og byrja å blø. Sonen var då under to år gamal.

• Halde ein kniv mot fornærma og slått ho med ein lighter.

• Kutta ho i underarmen med kniv, skalla ho ned og rive kleda hennar i filler.

• Kalt kvinna for hore og truga med å drepe henne og å få nokon til å skada familien hennar i heimlandet.

Har tidlegare trekt forklaringa si

Mannen var i tillegg tiltalt for fem brot på besøksforbod, vald mot ein mann i Bergen i november 2015, skadeverk på den same mannen sin bil og for forulemping av offentleg tenestemann.

Kvinna har meldt mannen til politiet fleire gongar, men fram til hendinga med bruk av kniv i mai 2015 har ho trekt dette og endra forklaringa si i tråd med kva tiltalte sa at ho skulle fortelja politiet.

«Gjekk fram og tilbake med kniv i handa»

Spørsmålet retten måtte ta stilling til var om det er bevist at tiltalte grovt eller gjentatt har mishandla dei fornærma.

Mannen var tiltalt for fem punkt, der tiltalepost 1 var klart førande for straffeutmålinga. Han møtte i retten og erkjente ikkje straffeskyld.

Tiltalte har forklart at han ikkje kjenner seg igjen i fornærma si skildring av samlivet. Han sa at han aldri har slått, sparka, lugga eller truga ho på nokon måte, men at dei har krangla og enkelte gongar skubba kvarandre.

Om episoden i mai 2015, då kvinna hadde vore hos ei venninne ei natt, og det blei ein krangel då ho kom heim ettermiddagen etter, seier tiltalte at dei hadde krangla, men at sambuaren skulle laga middag og hadde tatt noko kjøtt ut av fryseboksen. Han gjekk og la seg, men høyrde bråk frå kjøkkenet, og forsto at ho hadde kutta seg.

Kvinna forklarte at ho blei skulda for å vera utro då ho og sonen kom heim. Først slo han henne fleire gongar i hovudet, så kom han etter ho med kniv, som han vifta med så ho blei kutta og blødde ganske mykje. Då han gjekk og la seg vaska ho vekk mykje blod, pakka og ringte ei venninne. Så reiste ho på legevakt og fekk sydd såret. Ho meldte episoden og flytta aldri tilbake.

Må betala erstatning

«Retten vil bemerke at det er vanskelig å forstå hvorfor fornærmede skulle gå ut av leiligheten ved denne anledningen dersom skadene var oppstått som følge av at fornærmede skulle skjære opp frossent kjøtt» står det i dommen.

Retten meiner fornærma gav ei truverdig forklaring som i stor grad blir støtta opp av andre bevis.

Tiltalte si forklaring er i sterk motstrid med fleire bevis.

Vitne har forklart at tiltalte at tiltalte, i eit festleg lag, slo fornørma med open hand og drog ho etter håret, og at han kan bli aggressiv når han drikk.

Eit vitne har høyrd sonen seia fleire gongar at «pappa slår mamma», eit anna vitne som henta fornærma og sonen på ein busshaldeplass hugsar at kvinna var rosa på det eine kinnet og at sonen hadde eit merke ved munnen.

Tiltalte er tidlegare domfelt i 2006 for køyring i påverka tilstand, og i 2010 for vald mot ein annan person. Det fekk lite å seia for straffeutmålinga.

I utgangspunktet ville retten setja straffa til 2 år og 8 månadar, men lang liggetid gjorde at det blei 6 månadar rabatt.

Mannen blei dømt til fengsel i 2 år og 2 månadar.

Han må òg betala 75.000 kroner i oppreisingserstatning til den tidlegare sambuaren og 50.000 kroner til sonen.

Fleire saker