Sport | 21. des. 2018

Blei overraska av stipend på 20.000 kroner

Madelen Koldal Holme tildelt stipend av Bergen kommune.

Blei overraska av stipend på 20.000 kroner
Madelen K. Holme saman med Knut Berge (NFF Hordaland), trenar Øyvind Nordtveit og stipendmottakar Emilie Nautnes. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. des. 2018 08:15

Sandviken-spelar Madelen Koldal Holme (16) frå Lysefjorden, som 1. desember blei tildelt sølvmedalje i NM kvinner, fekk i går 20.000 kroner i stipend av Bergen kommune.

– Eg blei invitert for ti dagar sidan, men visste ikkje kva eg gjekk til, om eg var invitert som gjest eller om eg var nominert til noko.

Det var ei overraska og glad Madelen vi snakka med torsdag kveld.

– Det var nesten uverkeleg å stå der saman med så mange flinke idrettsutøvarar, folk som er på veg til VM og OL, og motta stipend! Eg har aldri mottatt pris eller sponsing før, og blei veldig glad!

– Vi var tre fotballspelarar som fekk stipend. Eg og Elise Stenevik fekk utviklingsstipend, Emilie Nautnes fekk toppidrettsstipend (40.000 kroner).

Også osingen Sverre Lunde Pedersen blei tildelt toppidrettsstipend på 40.000 kroner.

Pengar til reise og opptrening

Bergen kommune har delt ut idrettsstipend sidan 1987. På seremonien på Scandic Ørnen torsdag blei det delt ut totalt 870.000 kroner fordelt på 26 stipend og 4 prisar.

Utgifter til reise og manglande tid til deltidsjobb er typisk for unge idrettsutøvarar som satsar.

– Når eg er frisk igjen så kjem det til å litt pengar til reise.

Madelen mista både EM-kvalifiseringa med J16-landslaget og store delar av haustserien då ho i september rauk korsbandet i ei takling. Ho ligg no framfor skjema med opptrening etter skaden.

– Eg kjem til å bruka noko av pengane til å bli raskare frisk, for eksempel på personleg trenar, seier fotballtalentet.

• Sjå liste over alle stipend- og prismottakarane på Bergen kommune sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.