Blei påkøyrd - for andre gong
Syklisten som blei påkøyrd i eit fotgjengarfelt i Os sentrum i går var nyleg utsett for noko liknande. No er han meldt.

Tysdag formiddag blei ein person påkøyrd i fotgjengarfeltet mellom gjestebrygga og Torggata på Hatvikvegen i Os sentrum.
Politiet opplyste på Twitter at det var ein fotgjengar som var påkøyrd. Det var ein mjuk trafikant, men vedkomande var på sykkel.
– Det er andre gong på kort tid at vi har påkøyrsle av syklist i fotgjengarfelt i Os og det er same person som er påkøyrd, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Syklisten, ein mann i 20-åra, er meldt for forholdet.
– Så lenge syklisten sit på sykkelen så er han førar av eit køyretøy og må ta omsyn til dette. Han hadde vikeplikt då han skulle kryssa fotgjengarfeltet, i motsetnad til om han hadde gått av sykkelen og leia den over.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.