Lokal | 30. apr. 2010

Blei pappa i går

Torsdag 29. april blei leiar av Os Frp, Gustav Bahus (52), pappa for første gong.

Blei pappa i går
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. apr. 2010 07:54

Torsdag i 18-tida gjekk turen til Haukeland og kvinneklinikken, rundt klokka 21.50 var fødselen over.

- Det blei ein gut, fortel Gustav.

Foreldra har førebels ikkje bestemt seg for kva sonen skal heita. Dei visste heller ikkje kjønnet før han blei fødd.

Alle i april
Sonen er Gustav og mamma Merete Knag sin førstefødde.

- Han var 3170 gram og 49 centimeter, og alt står bra til.

Heile den vesle familien har bursdag i april. Gustav fylte 52 år 17. april, Merete fylte 39 dagen før fødselen.

Forandring?
Den kjente komikaren Jerry Seinfeld fortel om korlei menn forandrar seg når dei blir far: Dei gjev blaffen i alt, let skjorta henga utanpå buksa og seier «to hell with the rest of the world, I can make my own people».

Sjølv tvilar den travle politikaren og læraren Gustav på at han kjem til å forandra seg noko særleg som følgje av papparollen.

- Alle seier eg kjem til å gjera det, men eg har no ikkje forandra meg på 52 år. Vi får nett sjå.

Bak rattet
På spørsmål om kor mange veteranbilar han har svarar Gustav: «Altfor mange».

- Dei som driv med veteranbilar er kjent for å vera litt varsam med tinga sine. Kjem du til å gøyma alle bilane dine når sonen din veks opp?

- Nei, det gjer eg ikkje. Det er vel heller snakk om kor tidleg du kjem til å sjå han bak rattet, ler Gustav stolt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.