Lokal | 14. mars 2012

Blei rundlurt og svindla

Fekk telefon frå utlandet: Osing gav frå seg kontroll over pc-en, fekk avfotografert førarkortet via webkamera og betalte for tenesta.

Blei rundlurt og svindla
Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. mars 2012 10:34

To gongar den siste månaden har Midtsiden åtvara mot forsøk på svindel per telefon, først via datakonsulent Bjørn Sande og seinare via to andre som ikkje let seg lura.

Minst fire osingar har no blitt oppringt, i går fekk politiet melding om at ein av dei hadde gått fem på.

– Vedkomande fekk som dei andre telefon frå ein utlending som sa han var frå Microsoft og at det var oppdaga alvorlege problem med osingen sin pc, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

På med webkamera

Osingen hadde følgt råda frå den andre enden av telefonsamtalen, besøkt ei nettside, trykt på nokre linkar og vips så hadde innringaren kontroll over pc-en og kunne "reparera" denne.

– Offeret hadde betalt nokre dollar for tenesta. I tillegg hadde webkamera blitt skrudd på så førarkortet kunne avfotograferast. Vi blei kontakta og osingen har sperra nokre av korta sine i frykt for at det som truleg er ein id-tjuv skal ta kontroll over pengane til vedkomande.

Åtvaring:

Innringar skal ha snakka engelsk med asiatisk aksent.

– Vi vil igjen åtvara mot å følgja råd frå ukjente som tar kontakt. Legg på! Og spre gjerne åtvaringar til dei du kjenner, oppmodar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.