Næringsliv | 15. des. 2011

Blei sjef i kiosken

Lyssand vil sleppa tak i kiosken og har fått Oddvin Bøthun bak roret.

Blei sjef i kiosken
Oddvin starta hos Lyssand 1. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. des. 2011 08:46

– Det var anten ny leiar i kiosken eller å leiga lokalet vekk til ekstern drivar, seier Torgeir Lyssand hos Lyssand Bil.

Stasjonen ved rundkjøringa som koplar E39, Byvegen og Industrivegen saman består av verkstad, dekksenter, kiosk og drivstoffpumper frå UnoX.

– Kiosken er ein viktig del av stasjonen, men det er ikkje kjernedrifta vår. Det er travelt på verkstaden og vi har høgt og aukande tempo i dekkavdelinga.

– No syntes vi kiosken fortente meir merksemd, derfor søkte vi etter ny leiar, ein person som på sikt kan overta som sjølvstendig drivar.

Frå båt- og byggebransje

Oddvin Bøthun frå Søre Øyane i Os var blant søkjarane rekrutteringsselskapet serverte far og son Lyssand til siste intervjurundar.

– Vi likte tankane hans om kiosken og ideane han har for vidareutvikling. Vi fekk også god kjemi, noko som er veldig viktig når vi skal driva side om side, seier Lyssand.

Bøthun gjekk frå jobben som butikksjef i Bygger'n i Rådal då han 1. desember blei sjef i kiosken til Lyssand. Frå før har han 15 år bak seg i Askeladden-systemet.

Vil metta bilistane

Medan det er UnoX, som leigetakar, som styrer pumpene på den trafikkerte stasjonen, vil Bøthun få flest mogleg av alle drivstoffkundane innom kiosken på handletur.

– I tillegg vil vi lokka folk innom eins ærend for å kjøpa god mat. Vi har kanskje bygdas beste baguettar, ferske og nysteikte, og om ettermiddagane går det unna med burgarar.

– 550 bilar er innom i døgnet, så potensialet er stort, meiner Oddvin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.