Sport | 29. juni 2016

Blei slått på målstreken

Ti sekund skilte første- og andreplass i vårsesongens siste trimmingsseglas.

Blei slått på målstreken
Tysdagen starta med regn, men blei ganske fin før trimmingsseglasen starta. (Privat bilde, foto: Svein Skoglund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2016 08:20

Tysdag starta med regn, men før seglarane skulle ut og bryna seg på kvarandre på fjorden så kom sola fram.

– Sola skin alltid opp når vi skal heisa segl, skriv Svein Skoglund frå Os Seilforening i ein rapport frå gårsdagens seglas.

– Eller ... ikkje alltid, men det har vore mykje sol og lite vind denne våren.

Vinglete vind

Berre fem båtar stilte til start i det som var vårens siste trimmingsseglas. Per Aga i «Skarven» var startbåt og valte å starta alle i éin start.

– Det kom ei sky opp Langenuen som fekk vinden til å vingla mykje, endringane var på opptil 40-50 gradar.

I det startskotet gjekk kantra vinden hekt og båtane måtte byta frå styrbord til babord halser. Då lurte Skoglund med mannskap om bord i «Tina II» seg først over startstreken.

Dei veksla med «Tussi» og Paul Øyvind Mehammer med å gjera dei beste slaga fram til runding Ospøyskjørene.

Tok ein rask omveg

Tina II var først til runding, men då spinnakarane kom opp valte Tussi ei rute som gav meir fart.

– Vi valte kortaste veg mot mål mens Mehammer skar meir og fekk større fart.

Tussi kom i mål ti sekund før Tina II.

Med fellesstart blei avstanden stor bak til dei mindre båtane, der klassen blei leia og vunne av «Ina Kristine» og Janet Lepsøy.

Resultat:

KLASSE D
1. Ina Kristine - Janet Lepsøy
2. Alida - Terje Klyve
3. Godemine - Kåre Perry Solibakke

KLASSE E
1. Tussi - Paul Øyvind Mehammer
2. Tina II - Svein Skoglund

No tar Os Seilforening pause til august og riggar båtane om til feriemodus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.