Sport | 15. jan. 2019

Blei for stilleståande

Os gjekk i føringa, men blei kontra i seink av BI i toppkamp i Oshallen.

Blei for stilleståande
Frikast før pause. Ballen gjekk ikkje inn, men etter pause skåra gjestane 15 mål. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. jan. 2019 14:05

Bildeserie:

Isak Røen hadde både treff og miss frå 7-metersmerket. (Foto: KVB)
Isak Røen hadde både treff og miss frå 7-metersmerket. (Foto: KVB)
Heggø spelte ikkje sjølv i går. (Foto: KVB)
Heggø spelte ikkje sjølv i går. (Foto: KVB)
Comeback-kid Fredrik Andresen kom innpå og skåra tre. (Foto: KVB)
Comeback-kid Fredrik Andresen kom innpå og skåra tre. (Foto: KVB)
Blostrupmoen sette to. (Foto: KVB)
Blostrupmoen sette to. (Foto: KVB)
Trygve og Sindre Oksholm Lom sto sesongbeste i forsvar før pause. (Foto: KVB)
Trygve og Sindre Oksholm Lom sto sesongbeste i forsvar før pause. (Foto: KVB)
BI hadde greit med innbytarar med seg. (Foto: KVB)
BI hadde greit med innbytarar med seg. (Foto: KVB)
Jørgen Wold fekk fire nettkjenningar. (Foto: KVB)
Jørgen Wold fekk fire nettkjenningar. (Foto: KVB)
BI drog ifrå etter pause. (Foto: KVB)
BI drog ifrå etter pause. (Foto: KVB)
Sondre Midtbø skåra det første og siste målet til Os. (Foto: KVB)
Sondre Midtbø skåra det første og siste målet til Os. (Foto: KVB)
1 av 9

Måndag kveld tok Os sitt herrelag imot BI til 13. serierunde (11. kamp for BI).

Før kampstart sto alle dei 5 beste av 10 lag i avdelinga med 3 tap kvar, dermed er det mykje som kan kallast toppkamp i desse dagar. Sånn var det òg med denne.

– Vi spelte uavgjort på bortebane. Då fekk vi dei ned i vårt tempo. Men vi var så dum å seia at vi trener lite, så i dag sprang dei i frå oss, fortviler ein lattermild Isak Røen etter kamp.

Røen skåra 4 av 5 mål då Os auka frå 2-1 til til 6-3, og passerte med 8 mål i kampen, ifølgje eigne notatar, 100 skåringar så langt i sesongen.

– Dessverre varierer vi for mykje i prestasjonar. I første omgang sto vi vårt kanskje sesongbeste i forsvar. Men vi klarte ikkje å unngå det vi helst skal unngå, kontringar imot, seier trenar Alexander Heggø.

Heggø, som plar vera blant toppskårarane, spelte ikkje sjølv i går.

Os gjekk frå å leia 6-3 til å ligga under 7-10. Til pause sto det 13-13.

Så kom kontringane.

Stillinga gjekk frå 14-15 til 15-18 etter tre raske overgangar på rad.

Einar Godø sto ein god førsteomgang, men fekk i overkant mykje å henga fingrane i etter pause.

Både Jørgen Wold (4 mål) og Isak Røen missa frå 7-metersmerket.

Andre målskårarar: Joakim Blostrupmoen (2), Fredrik Andresen (3), Trygve Lerch Dahl (1) og den einaste ungdomaen i troppen, Sondre Midtbø (2). Midtbø sette både det første og det siste målet.

Kampen enda 20-28.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.