Blei svindla per sms
– Kontakt mobiloperatøren din med ein gong du får merkelege meldingar frå ukjent avsendar, åtvarar Bjørn Orrebakken.

For nokre veker sidan fekk Bjørn Orrebakken ei tekstmelding lik den i bildet over.
– Eg skjønte ikkje mykje av den, så eg sletta den berre. Men så fekk eg fleire meldingar, seinast i førre veke, og då kontakta eg operatøren, fortel Orrebakken.
Svindla for 400 kroner
Selskapet stadfesta at abonnementet hans hadde blitt belasta med 400 kroner av denne avsendaren.
– Eg har verken bestilt eller mottatt nokre varer eller program, dette er rein svindel! seier Bjørn.
Mobiloperatøren har tatt dialogen vidare med dei som leiger vekk nummeren svindel-sms-en kom ifrå og Orrebakken reknar ikkje med å måtta betala noko.
– Ta tak i det med éin gong
– Rekninga har eg ikkje fått enno, dette bør selskapet ordna opp i før den tid.
– Men eg vil åtvara andre mot å forholda seg passiv til ting dei ikkje veit kva er, ta tak i det med éin gong!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.