Lokal | 15. nov. 2018

Bli kjent med den komande kultursjefen

Erik Vangsnes om Os og Fusa før og no - og om framtida saman.

Bli kjent med den komande kultursjefen
Som oftast sit han i kveldssola på Vinnes (i bakgrunnen) og ser mot si gamle heimbygd, no vert det nok fleire turar til Os på Erik Vangsnes. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 15. nov. 2018 08:21

Denne veka vart det kjent at noverande kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes, skal leia den samanslåtte eininga frå 1. januar 2020.

Vangsnes ser fram til jobben med sommarfuglar i magen og ein god dose ærefrykt.

Frå Os til Fusa til Os

Vangsnes kjem opprinneleg frå Os, og jobba i si tid på det som den gong heitte kulturkontoret i Os kommune. I 1994 fekk han jobb i Fusa kommune, og sidan 1999 har han vore kulturleiar i Fusa kommune.

– Eg var faktisk med og sat i interimstyret til det som etterkvart vart Os Rockeklubb, og eg var med og jobba dugnad i det som vart «kulturkiosken» kor rockeklubben hadde sine første øvingslokale, fortel Vangsnes. Det er jo ein mannsalder sidan, men eg fekk nokre gode år i kulturlivet i Os før eg flytta til Fusa.

– Etter det har eg hatt utsikt til Os i 31 år frå heimstaden min på Vinnes, og no er på mange måtar sirkelen fullkomen med at eg skal leia kulturfeltet i den nye kommunen. Avstanden er jo ikkje så stor, og eg kan sitja på terrassen og høyra Osfest eller andre utandørs arrangement som skjer i Os.

Mykje har endra seg

Vangsnes fortel at mykje har forandra seg i Os og Fusa dei siste 25 åra, og han ser både skilnadar og likskapar i kulturlivet til dei to kommunane.

– No skal vi til å skriva nye kapittel saman, og for meg som kulturleiar vert det viktig å få med det beste frå kommunane. Å satsa på beste praksis-prinsippet vert ei god leiesnor når vi no saman skal byggja ei kulturell framtid saman.

– I Fusa høyrer ein at innbyggjarane ofte snakkar om bygder, mens vi her i Os snakkar om kva for krins vi kjem i frå. Kva tenkjer du om den skilnaden? Betyr det noko, eller er det ein rein språkleg teknikalitet?

– Eg vil nok seia at dei ulike bygdene i Fusa står sterkare enn kva folk legg i ein krins i Os. Men samstundes ser ein tydelege teikn på dette i Os, som til dømes i Søre Øyane, kor lokalsamfunnet står sterkt saman i brusaka. Men ein vil nok aldri høyra ein fusing snakka om Fusa-bygda slik osingane snakkar om Os-bygda. For osingane er Osbygdo heile kommunen, mens fusingane kjem frå ulike bygder i Fusa kommune. Eg vel derfor å tenkja at dette er ein skilnad som ligg på det språklege planet meir enn at vi eigentleg er så veldig ulike.

Vangsnes fortel vidare at medan Os har fleire tilårskomne ungdomshus, har ein dei siste 40 åra sett fleire grendahus bli reist i Fusa.

– Ein må hugsa at Os har 5 gongar så mange innbyggjarar som Fusa, så ein finn nok naturleg eit tettare band mellom folk i eit mindre samfunn. Fusa kan skilta med ei drivande god dugnadsand og realiseringsevne på slike ting. Men no seier eg ikkje at det ikkje finst dugnadsvilje i Os, sjå berre på realiseringa Nore Neset Aktivitetshus og det aktive kulturlivet de elles har!

Os har blitt proffe

På spørsmål om kva som skil kulturlivet i Os og Fusa, må Vangsnes tenkja litt ekstra før svaret kjem;

– Eg vil seia at Os har blitt meir profesjonalisert med åra. Då tenkjer eg ikkje berre på den nylege opninga av den ferdige idrettsparken på Kuventræ eller Oseana, men kulturlivet som heile. Det har vore inspirerande å følgja med på utviklinga i Os, og i samband med stillinga eg skal inn i, må eg få seia at det har blitt jobba bra med kulturen i Os, både frå politisk og administrativ side.

– Det osingane i dag kan få oppleva og ta del i var ikkje der for 25 år sidan.

Vil bygga livskraftige kulturbygder

– Kva tenkjer du om å slå saman to kommunar - kulturelt?

– Eg veit at begge kommunane har eit rikt kulturliv, på kvar sin måte. Min jobb vert å leggja til rette for å styrka det profesjonelle, samstundes som vi tek med oss det frivillige kulturlivet inn i Bjørnafjorden kommune. Oseana er vel så viktig som grenda- og forsamlingshusa, og vi må syta for at det er «lys i alle husa», svarar Vangsnes.

– Kva kan Fusa læra av Os inn i samanslåinga, og kva kan vi i Os læra av Fusa?

– Os kommune har hatt suksess på ein del felt, mellom anna satsinga på friluftliv. Det koordineringsarbeidet som er gjort mellom kommune, grunneigarar og lokale lag har resultert i flotte, merka turløyper i heile Os kommune. Eg er sjølv ein friluftens mann, og dette ser eg gjerne bli vidareført i Fusadelen av den nye kommunen. Natur har vi i alle høve mykje av!

– Os må heller ikkje gløyma at dei ein gong var ei bygd. Om tala treff, vert det 40.000 innbyggjarar på Os-sida i 2040. Då bør Os halda fram med å utvikla dei ulike nærmiljøa sine. I Fusa er til dømes Strandvik ein stad kor dei lokalt har fått til mykje med energi og pågangsmot som andre kan henta inspirasjon ifrå, seier Vangsnes. Når vi vert Bjørnafjorden er vi brått folketalsmessig nesten like stor som Lillehammer. Ein ny, stor vekstkommune som Bjørnafjorden vil trenga ein sterk og kompetent kulturadministrasjon for å leggja tilrette for ei levande og blømande kulturbygd med gode nærmiljø. Då må vi ikkje gløyma dei små, men viktige tinga undervegs.

Fusingar, osingar eller bjørnefjordingar?

– Kva skal vi kalla oss sjølv 1. januar 2020? Vil alle automatisk gå over til å vera frå Bjørnafjorden, eller vil dette kanskje ta fleire generasjonar?

– Eg tenkjer at vi får byrja med det viktigaste først, seier Vangsnes. Å helsa på kvarandre og verta kjent med kvarandre.

– Allereie no er dei politiske partia i gang med å slå seg saman under det same flagget, og truleg vil vi sjå at dei ulike lokallaga og organisasjonane vil sjå på moglegheitene for å gjera det same. Samanslåinga er så mykje meir enn berre tal og kart, og eg er overtydd om at kultur bør få spela ei aktiv rolle i arbeidet med å skapa den nye kommunen.

– Saman bør vi syna entusiasme kring kulturlivet og dei talenta vi har i Bjørnafjorden. Det er gjennom kultur at vi byggjer identitet, og legg vi til rette for eit rikt kulturliv, får vi eit rikt samfunn i bu i.

Erik Vangsnes held fram som kulturleiar i Fusa kommune fram til samanslåinga 1. januar 2020. Han er òg prosjektleiar for samanslåing av kulturfeltet i Bjørnafjorden kommune.

3 kjappe morofakta om Erik Vangsnes:

• Erik og kona pantsette i 2006 huset sitt for å få få 80 personar til OL i Torino. Dei måtte jo heia på fusingane som deltok.

• Erik har spelt på Osrocken. Han er ein av dei som har klart å ryka ein streng på ein bassgitar, så det sto neppe på innlevinga, men det vart med denne eine gongen på Osrock.

• Erik driv med styrketrening og spring langturar i skog og mark, oftast i Vinnesleira, der han har funne seg ei fin rundløype på rundt 8 km.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.