Kultur | 12. jan. 2017

– Bli med og les om Ove

Biblioteksjef Elisabeth Bochkon Tøsdal og marknadskoordinator Janne Mari Hjelle håper mange har lyst å vera med når dei inviterer til lesestafett laurdag 4. februar.

– Bli med og les om Ove
Biblioteksjef Elisabeth Bochkon Tøsdal og marknadskoordinator Janne Mari Hjelle gler seg til å lesestafetten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. jan. 2017 14:09

Tysdag 7. februar kjem Riksteateret til Oseana med den kritikerroste framsyninga «En mann med navn Ove» med Sven Nordin i hovudrolla. Laurdagen før inviterer Os folkebibliotek og Oseana osingar og tilreisande til å vera med å lesa boka frå perm til perm i Griegsamlinga på Oseana.

– Boka er på 43 kapittel, med omlag 10 sider i kvart kapittel. Vi har i utgangspunkt tenkt at ein les eitt kapittel kvar, men det går sjølvsagt ann å dela dei opp, fortel Tøsdal og Hjelle.

Inga krav

Lydbok-versjonen av romanen er på ti og ein halv time.

– Vi vil tru at heile seansen vil ta omlag 12 timer frå vi startar klokka 10 laurdag formiddag.

– Det er inga krav til deg som skal lesa, om du les fort eller sakte, på bokmål, nynorsk eller di eiga dialekt er nett det same. Du er like velkomen uansett. Dette er inga konkurranse i å lesa, men skal vera ei hyggeleg stund med ei god bok. Sælen Møbler kjem med godstol og leselampe. Har du berre lyst til å høyra på, så kan du gjera det òg. Ta med deg strikketøyet eller teiknesaker og bli med, oppmodar dei to.

Utfordrar osingane

Informasjon omkring lesestafetten ligg både på Oseana og biblioteket sine heimesider og facebook-sider, samt på Hordaland fylkesbibliotek sine sider.

– Arrangementet er ope for alle, anten dei kjem frå Bergen, Fusa, Tysnes eller andre plassar i regionen eller landet, men vi håpar sjølvsagt òg at osingane stiller.

– Ordføraren og kultursjefen har allereie meldt seg til teneste, saman med ei rekkje andre, men vi treng framleis godt med folk, så det er berre å ta kontakt med oss på Oseana eller her på biblioteket, så set vi dykk opp på listene.

– Vi har òg utfordra både eigne tilsette, deltakarar på språkkafèen i Kyrkjetunet og no elevar på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane til å vera med.

Har boka inne

Kvar av dei som melder seg får tildelt kvart sitt kapittel og ei cirka-tid for når dei skal lese.

– Om ein har lyst til å øva litt på førehand, så har vi boka her på biblioteket. Vi kjøpe inn fleire eksemplar til leseringen vår då den kom ut, fortel Tøsdal.

– Det kjem òg eit nyopptrykk av boka som paperback, som kjem til sal hos Osøyro Libris i løpet av kort tid, men ein treng ikkje øva altså. Om ein stotrar eller må lesa på nytt, så gjer det ingenting. Eg reknar med å måtte gjera det sjølv, supplerar Hjelle, som legg til at det er gratis å vera med, men heller inga premie.

– Om ein har lyst til å sjå Riksteateret si framsyning så må ein kjøpa billettar. Den er nesten utseld, så det gjeld å vera om seg, avsluttar Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.