Lokal | 16. juli 2020

Bli med på kulturjakt i Bjørnafjorden

I dag lanserte Visit Bjørnafjord ein ny app som kan gjera oss til turistar i eiga bygd.

Bli med på kulturjakt i Bjørnafjorden
Er du klar for å jakta på dei lokale kulturskattene i Bjørnafjorden? (Foto: Skjermbilete av app)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 16. juli 2020 10:28

I dag vart ein ny kulturapp lansert. Med «Bjørnafjordenjakta» vil det vera mogleg å finna fram til både nye og gamle lokale attraksjonar på begge sider av fjorden.

– Vi i Visit Bjørnafjord har jobba lenge med en app som no endeleg er klar og lansert. Dette er ein attraksjon og kulturapp kor du ved hjelp av appen kan finna mange ulike attraksjonar i Bjørnafjorden. Dette kan til dømes vera Oseana kulturhus, Lysøen, Lyngheim, Fossen Bratte og fleire andre plassar, seier Christoffer Kobbeltvedt.

Marthe Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt. (Foto: KVB)
Marthe Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt. (Foto: KVB)

Premiar til dei mest aktive

Er du ekstra aktiv som lokal turist vil det vera lønsamt å ta i bruk appen og sjekka seg inn på dei ulike plassane.

– Ved hjelp av appen kan du finna desse kulturplassane, og då sjølvsagt besøka dei og sjekka inn digitalt. Her vil det vera mogleg å få premie om du er aktiv og oppnår over 12 innsjekkingar. Premien er ikkje heilt klar enno, men vi er godt i gang, og det vil bli flotte premiar.

– Tanken er først å fremst å få dei som allereie befinn seg i Bjørnafjorden til å bevega seg litt rundt i eigen kommune. Det er mange flotte plassar, og dei må vi bli flinkare å benytta oss av, synest Kobbeltvedt.

Førebels er det registrert totalt 20 ulike attraksjonar ein kan sjekka seg inn på i appen. (Foto: Skjermbilete av app)
Førebels er det registrert totalt 20 ulike attraksjonar ein kan sjekka seg inn på i appen. (Foto: Skjermbilete av app)

Eit gründerparkprodukt

I ein tid der vi ikkje har kunna reist så mykje har fleire gründarar sett seg saman og sett på moglegheitene vi har lokalt.

– Dette er det kule med heile greia, dette er eit gründerparkprodukt. Vi sit på fleire typar kompetanse i gründerparken, og saman har vi klart å utvikla då denne appen. Vi i Visit Bjørnafjord, i samarbeid med Frank Moberg og sonen Daniel frå Octaos, som til vanleg digitaliserar verktøy for vindauge og dørbransjen, har jobba godt saman i denne utviklinga av appen.

– Dette er ein gratis app og vi håper dette vil vera ein god generator for alle Visit-medlemmane. I tillegg kan den jo vera med på å gjera oss til turistar i eigen bygd, det er jo mange som sit heime i denne tida og lurar på kva dei skal finna på om dagane, seier Kobbeltvedt.

Vidareutvikling

Gründarane har også fleire andre tankar rundt den lanserte appen.

– Det vi også tenkjer på som ein slags videreutvikling av appen, er at det kan etterkvart flettast inn midlertidige arrangement, som til dømes lokale festivalar og liknande, avsluttar Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.