Kultur | 06. mars 2012

Blikk frå Bokbåten

Hobbyfotograf Finn-Erik Moberg brukte dei ledige stundene godt då han jobba på Bokbåten. No stiller han ut 200 bilde på Os folkebibliotek.

Blikk frå Bokbåten
Finn-Erik Moberg med nokre av dei 200 bilda han stiller ut på biblioteket frå fredag av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. mars 2012 21:08

– Dei på biblioteket ville ha noko kystrelatert og kjente til at eg var engasjert på Bokbåten i to år, og at eg tok ein del bilde då eg var om bord, fortel Finn-Erik Moberg.

Bokbåten Epos er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og er på tokt kvar haust og vår til grender som ikkje har eige bibliotek.

– Det blei cirka tre veker i kvar kommune, haust og vår, for min del frå hausten 2007 til våren 2009, fortel Finn-Erik, som var ein kombinasjon mellom stuert, maskinmann og matros på Epos.

– Utanom meg og kapteinen var det to bibliotekarar og ein til to kunstnarar om bord. Kunstnarane hadde innslag på stoppestadane.

Deserterte på land

Om bord blei det landskap, fugleliv, bølgjer og blikkstille fjordar å ta bilde av. Innimellom tenesta på Epos, då dei låg til kai, tok Moberg seg nokre avstikkarar på land.

– Av og til brukte eg sykkel, av og til blei det til fots, eg fekk med ofte nokre småturar i små bygder, og der sto motiva tett.

Jaguar i vill vestlandsnatur

Finn-Erik har sans for detaljar og får ofte høyra at han ser ting andre ikkje får auge på så lett.

– Eg liker å ta bilde av det meste, både landskap og folk. Men eg finn også mykje anna som eg får lyst å fotografera. Det kan vera nokre naust, noko som ligg i ei fjøre, eller som på den vesle øya Orten, ein bil av merket Jauguar som sto på eit jorde.

– Orten har knapt veg. Bilen sto utan skilt. "Korleis hamna den der? Kva er historia til bilen?" Eg liker bilde som får fantasien litt i sving.

1 månad med 200 bilde

Moberg synes det har vore vanskeleg å velja ut bilde til utstillinga, men har vore så heldig at han får plass til nesten 200 av dei.

Det blir variert – og laminert.

– Ja, eg har laminert dei, så vi ikkje treng å vera så redd for om ungar peikar og kladdar på bilda. Eg har også nummerert bilda og laga til nokre ark med bildetekstar på.

– Er bilda for sal, også?

– Om nokon vil ha bilde så kan dei bestilla print, og då kan dei få bilda større enn dei er utstilt, seier Finn-Erik Moberg.

Utstillinga opnar fredag klokka 12 og blir ståande på Os folkebibliotek i ein månad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.