Medlemmane i Os Bridgeklubb i djup konsentrasjon. (Foto: KML)

– Blir aldri ferdig utlærd

– Bridge passar for alle og det er lett å bli hekta, fortel Anne Merete Heggland. Ho er styreleiar i Os Bridgeklubb, som har 75-årsjubileum i år.

image
image
Av: Kari M. Lyssand

Kvar måndag treffast Os Bridgeklubb i Os eldresenter for nokre timar med kortspel og sosialt samvær.

– I dag blir det simultan-turnering der vi speler mot 17 andre klubbar i Noreg, fortel Leif Juvik frå styret i bridgeklubben.

Lokalt var det Reidar Fosse og Gunnar Holm som gjekk av med sigeren denne kvelden, medan Bjørn Hauge/Joleiv Midttveit og Linda Rasmussen/Leif Juvik kom på 2. og 3. plass. Kva plassering dei får samla sett på landsbasis blir klart i slutten av veka.

Klubben, som har 75-årsjubileum i år, har over 30 medlemmar, der nokre speler mest for det sosiale mens dei ivrigaste reiser rundt og speler konkurransar både i inn- og utland.

– Bridge var eitt av få spel ein fekk lov å spela aktivt under krigen, så i 1940 starta Lars Bastiansen og sju andre opp Os Bridgeklubb i lokalet til eit tannlegekontor i sentrum.

I dei siste 10-15 åra har klubben heldt til i Os Eldresenter.

Thea på juniorlandslaget

Snittalderen på klubbmedlemmane ligg på rundt 55 år, men det er òg nokre yngre spelarar i klubben.

– Vi har jo blant anna Thea Hauge, som vi er veldig stolt av. Ho er med på juniorlandslaget og har vore med i EM, VM og nordisk meisterskap.

Thea, som berre er 17 år, har vore med på juniorlandslaget i tre år og kjem frå ein skikkeleg bridgefamilie der både foreldre, besteforeldre og onklar er ivrige spelarar.

– Ho satsar for fullt som bridgespelar. I påsken skal ho vera med på nordisk meisterskap, i juli blir det EM i Tromsø fortel far til Thea, Bjørn Hauge.

Thea sjølv var ikkje med denne måndagen, då var det leksearbeid som stod i fokus.

– Alle kan vera med

Styreleiar Anne Merete Heggland fortel at dei håper å få med fleire yngre medlemmar.

– Alle kan vera med å spela bridge, ein blir aldri ferdig utlærd.

Kortspelet bridge kan minna om ei blanding av amerikanar og whist, der ein meldar inn stikk, har trumf og speler med ein partnar. 

– Om du har vore borti bridge før så er det berre å ta med ein partnar og koma innom, men er du heilt ny så bør ein ta eit kurs først, for å setja deg litt inn i spelet.

Klubben driv aktivt med kursing og kvar haust lærer Torhild Rasmussen opp nye bridgespelarar.

– Eg starta å spela heime med vener, men så fekk Anne Merete meg med i klubben og no har eg vore med i fleire år, fortel Torhild.

Jubilanten skal feirast

Sjølv om hovudfokuset på måndagane er bridge er det òg viktig for gjengen å ha det sosialt saman.

– Vi har alltid kaffi og vaflar og har det veldig kjekt saman.

Kvar vinter reiser dei ei helg til Herdla, der det blir tid til både kortspel, middag og samvære.

– Vi held no på med å planlegga jubileet som er i oktober, fortel Heggland.

– Det blir nok ei turnering på dagen som blir avslutta med ein skikkeleg festmiddag.

 

Fleire saker