Lokal | 18. sep. 2012

Blir det høgare enn dette?

Mykje regn og høg flo har fått vatnet til å stå høgt i elveosen i Os hamn. Blir det verre?

Blir det høgare enn dette?
Os hamn i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 18. sep. 2012 10:09

Måndag var det høg flo i Os, måndag kveld og natt til tysdag var det både tungt regn og mykje lyn.

– Verken nedbøren eller lynet har skapt trøbbel i Os i natt, etter det vi kjenner til, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Men kan høg flo saman med høg elv få Oselvo til å gå over kanten dei neste dagane?

Ifølgje NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) er det stor vassføring i elvene på Vestlandet, men den skal minka frå onsdag.

Ifølgje Meteorologisk institutt er det 191 cm høgt vatn på full flo i 13-tida i dag og 188 cm i 1-tida natt til onsdag.

Det er først på rundt 210 cm høg flo at det byrjar å bli spennande i Os hamn, men det er kanskje likevel lurt å sjå til båten sin i desse dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.