Kultur | 14. nov. 2012

Blir det meir av dette?

Rock N LOL-komiteen bestemte seg onsdag kveld.

Blir det meir av dette?
Jubel framfor hovudscenen på Søfteland i 2011. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2012 21:36

Etter å ha vore tenkeboksen i ein periode, er vi no klare for eit nytt år med Rock n' LOL. Det er veldig kjekt å sjå at festivalen engasjerer så mange og at det er så mange som er med og støttar oss.

Tysdag fortalte Andreas Lindborg at framtida til festivalen Søfteland Rock N LOL var usikker.

Les òg: Ingen Rock N LOL neste år?

Onsdag kveld hadde brørne Lindborg med dei mest engasjerte i det store apparatet rundt festivalen møte, blant anna med grunneigar bonden Olav Valle.

– For det første har vi fått utruleg mange og veldig fine tilbakemeldingar etter at det blei kjent at vi ikkje var sikre på om vi ville laga festival i 2013.

– For det andre såg det ut som om dette kom veldig overraskande på, og fleire har kome til oss og sagt at dei kan hjelpa til og oppfordra oss på det sterkaste å ikkje bryta tradisjonen med årleg festival på Søfteland, seier Andreas Lindborg.

Han er takksam og smigra for alle oppmuntrande ord - og glad for at det i dag blei bestemt å arrangera Søfteland Rock N LOL også i 2013, den 7. i rekka.

– Eit av dei viktigaste spørsmåla var bruken av garden. Delar av eigedomen og ein av bygningane skal brukast på ein annan måte av grunneigar sjølv, men Valle med familie er innstilte på å "ommøblera litt" denne helga så vi kan kjøra festivalen som normalt.

Dato for neste års Rock N LOL blir helga 5. og 6. juli.

– Det blir ein knallgod festival, det kan vi lova. Når vi no har bestemt oss for å driva vidare så blir det ikkje for halv maskin!

– Kvifor gjekk de ut med at de var i stuss? Enkelte vil gjerne kalla det eit aldri så lite pr-stunt.

– Det forstår eg, for vi fekk mykje merksemd. Men dette er faktisk ein reell situasjon og vi har drøfta dette med 2013 ganske lenge.

– Og sidan eg føler at vi og festivalen ofte blir framstilt så positiv tenkte vi at det var rett å visa eit meir nyansert bilde, å vera open om prosessen. Festivalen er positiv og gøy, men det er ein jobb som ligg bak og ingenting var avgjort for 2013 før i kveld, seier Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.