Medlemmane i Os Mannskor veit å ta vare på damene, som er med på tur og årleg held eigne konefestar. Her er Henrik Eidsvik saman med kona Marta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Blir du staut av å synga?

Sundag feirar Os Mannskor 90 år. Henrik Eidsvik (86), som i dag kan feira 58 år i same jobb, har vore medlem i mannskoret i 72 år!

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I januar fylta han 86 år, men er framleis i arbeid. I dag er det 58 år sidan han starta bensinstasjon på Os, den gong som BP, i dag heiter stasjonen Statoil Osøyro.

– Eg må jo ha noko å gjera på, seier Henrik, som denne veka er meir opptatt av hobbyen sin, å synga i kor.

Laurdag har Os Mannskor fest, søndag feirar dei sine første 90 år med konsert i Oseana.

• Les òg: Henrik Eidvik hylla etter 70 år i Os Mannskor

Det er allereie selt rundt 300 billettar til konserten, der mannskoret har med seg Os Kammerkor, Os Musikkforening og vokalgruppa TAUS som gjestar på scenen.

Takkar konene

– Eg har høyrd på dei i 50 år, og eg synest framleis det er kjekt. Eg gler meg til konserten, dei er så flinke og så er det ein så fin gjeng, seier Marta, kona til eldstemann i koret, Henrik Eidsvik.

Medlemmane i koret har alltid vist kor takksame dei er for at konene har sleppt dei på øving, tur og konsertar.

– Mens vi har årsfest kvar mars månad har damene eigen konefest om hausten. Kvart femte år reiser vi utanlands med koret og då er konene med, fortel Henrik.

– Gutane har gjort nummer av dette med den låga skilsmissestatistikken i koret. Kanskje blir du ekstra staut av å synga i kor, seier Marta og ler.

Då tyskarane måtte godkjenna repertoaret

Henrik ser tilbake på tida då han sjølv starta i kor, i 1943, rett etter at han var konfirmert.

– Eg kom ikkje frå ein spesielt musikalsk familie. Vi var tre kameratar som byrja i lag rett og slett fordi det var lite å gjera på. Krigen sette sitt preg på Os, folk trekte gardinene for, det var ingen gatelys og det var ikkje lov å samlast i grupper.

– Kor var eit av få unntak. Derfor blei det sosiale ekstra viktig, der vi samlast i kjellaren i Fjellheim for å øva mens tyskarane brukte hovudsalen til kino.

Heilt utan tysk innblanding var kor-aktiviteten likevel ikkje. Då dei skulle ha konsert måtte repertoaret godkjennast av Os-kommandanten. Det måtte ikkje vera for nasjonalistisk.

– Våren før eg starta i koret så hadde dei ein konsert der dei tok éi låt som ikkje sto på repertoaret, ei låt dei visste ikkje ville blitt godkjent. Då var det visst vill jubel i salen og heldigvis ingen tyskarar som høyrde på, humrar Henrik.

Redda bussen – med vatn i hua

Utanlandsturane har gått til blant anna Danmark, USA, Tyskland, Irland og Skottland. Men også i heimlandet har Henrik vore med på innhaldsrike reiser til songarstemne, blant anna den første turen han hadde, som gjekk til Ålvik i 1948.

Dette er ein tur som i dag tar knappe to timar, likevel kom Os Mannskor 2-3 timar for seint. I 1948 var det komplisert å skaffa skyss til heile koret og då dei endeleg fekk tak i ein buss så viste det seg at denne ikkje var særleg glad i oppoverbakkar.

– Bussen byrja å koka på veg frå Bergen opp forbi Trengereid.

Mannskoret var likevel ikkje rådlause, gutane sprang i elva og henta vatn med huene sine og tømte dette på motoren for å kjøla han ned.

– Vi hadde ikkje andre hjelpemiddel og det var ingen hus i nærleiken. Vi måtte bruka det vi hadde så vi kunne koma oss på stemne.

Innrømte at Beatles var musikalske

Os Mannskor kunne i fjor gleda seg over nokre nye medlemmar i 40-åra. Yngre krefter er viktig om koret skal leva vidare.

Også i 1943, då klassekameratane Henrik Eidsvik og Lars Moberg saman med eitt år eldre Birger Rosvold byrja i koret, var dirigenten begeistra.

– Vi hadde Henrik Lyssand som dirigent. Han trengte nokre tenorar, så han visste med éin gong kvar han skulle plassera oss. Han bad oss stilla oss ved sidan av ein eldre songar og lytta. Stemmene skal passa saman når du syng i kor.

Fellesskapen er viktig for Henrik, både sosialt og musikalsk. Han syng ikkje mykje heime åleine. Favorittmusikken hans? «Det må vera noko melodiøst», seier han.

– Pop og rock kom så brått på oss som hadde byrja å bli vaksne. Eg blei aldri nokon stor fan av desse mest kjente. Men eg hugsar ein gong eg gjekk heim frå øving saman med Lyssand. Då innrømte han at The Beatles hadde noko å by på, at dei i det minste var ganske musikalske.

Meir på norsk

Kor mange låtar han har øvd inn i løpet av desse 72 åra har han ikkje tal på. Dei seinare åra har det vore ein del på engelsk, noko ikkje alle av dei eldre publikummarane har sett like stor pris på.

– Vi i koret prøver jo å finna nye låtar, og ei stund var det ikkje så mykje å velja i på norsk. Men det har kome seg no, så vi har fått ein del nye norske låtar på blokka, fortel Eidsvik.

Om det er nokre låtar han liker betre enn andre synest Henrik det er litt vanskeleg å svara på. Men han har sans for den første låta Os Mannskor øvde inn, «Leve sangen», ein song koret ikkje kjenner tekstforfattaren til, men som er tittelen på konserten laurdag.

«Leve sangen» var også tittelen på det store songarstemnet Os Mannskor hadde i mai i fjor.

Sjå bildeserie og video frå songarstemnet i Os i 2014.

Til jubileet har Os Mannskor trykt opp eit tjukt og fint magasin på 76 sider med tekst og bilde frå dei første 90 åra til koret. Dette blir for sal under konserten.

Fleire saker