Lokal | 29. okt. 2019

Blir dyrare å levera bosset i farga sekk

Frå nyttår vil BIR at du leverer bosset ditt i gjennomsiktige plastsekkar.

Blir dyrare å levera bosset i farga sekk
Frå nyttår av vil BIR ha bosset ditt i gjennomsiktige plastsekkar. (Pressefoto) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightysdag 29. okt. 2019 14:23

BIR innfører, som fleire andre renovasjonsbedrifter, avfallslevering i gjennomsiktige sekkar på alle sine gjenvinningsstasjonar frå nyttår.

Kommunikasjonsrådgjevar i BIR AS, Tina Skudal, fortel at innføringa av gjennomsiktige sekkar har fleire årsaker.

– Når avfall vert levert i svarte og farga sekkar, veit vi ikkje kva innhaldet er. Det viser seg dessverre ofte at slike sekkar inneheld farleg avfal, elektronikk eller andre ting som skulle vore kjeldesortert. Avfallet kan dessutan vera giftig eller brannfarleg.

Skudal fortel at det dei tre siste åra har vore 130 brannar på avfallsstasjonar i Noreg.

– Batteri som hamnar i restavfallet utgjer ei stor brannfare, og skulle det då ha hamna ei gassflaske i same konteinaren, har vi ein potensielt farleg situasjon.

• Les òg: Brann hos BIR

– Det er nok ofte slik at når folk ryddar og kastar vert ein svart sekk synonymt med restavfall. Kva som helst går oppi, berre det er plass i sekken. Med denne innføringa vil vi inspirera og oppmoda publikum til å kjeldesortera dei små tinga òg.

Ikkje forbod

Skudal fortel at BIR ikkje gjer som fleire andre renovasjonsselskap, som legg ned totalforbod mot svarte bossekkar.

– Vi vil framleis ta imot boss pakka i svarte sekkar, men då vil det kosta 40 kroner ekstra per sekk. Det er òg viktig at publikum ikkje nyttar dei gratis-sekkane til plastemballasje til restavfall.

– Nye, eigna gjennomsiktige bossekkar får du kjøpt på BIR sine gjenvinningsstasjonar. Sekkane er òg til sals i mange butikkar.

– Eit anna tips er å tøma innhaldet ut av sekken på gjenvinningsstasjonen, og så tek du sekken med deg heim att og brukar den på nytt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.