Kultur | 01. juni 2011

Blir første rockeband i Oseana

Young Collection, bandet som i 2010 gjorde comeback etter 40 år opphald, blir første rockeband som speler i det nye kulturhuset.

Blir første rockeband i Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juni 2011 19:50

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden.no på Facebook

RIO, rock i Oseana, er del av opningsfesten, og står på programmet måndag 20. juni. Os Rockeklubb satsar på Young Collection i si sendetid i det nye kulturhuset.

– Vi diskuterte band til RIO på eit styremøte og fann ut at det var på tide å slepa dei eldste rockarane ut av øvingslokalet litt. Dei har vore invitert på ein del anna som vi har funne på det siste året, men det har dessverre aldri passa. Oseana tenkte vi at dei uansett ville få til å klaffa, seier høvdingen i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh.

Kult comeback

Han fekk rett - å spela i foajeen i Oseana er noko dei rutinerte rockarane ser veldig fram til. Harald Nøss (trommer), Torbjørn «Timmy» Kristiansen (bass), John-Harald Kristiansen (vokal, gitar) og Erik Brinchmann-Hansen (keyboard) gjorde comeback under Osøren Blues & Jazzfestival i fjor.

Konserten blei folksam og livleg og dei fire kameratane, som spelte over heile Hordaland i slutten av 60-talet, ser fram til å få underhalda på Mobergsneset igjen.

– Vi ser på det som ei ære. Vi har nok spelt i alle ungdomshusa i Os, og dei fleste selskapslokala, inkludert den gamle kafeen i Mobergsvikjo. Men at vi skulle få sjansen til å opptre i Oseana hadde vi nok ikkje trudd.

Quiz og konsert

Sjølv om rockemiljøet i Os koker over av unge talent, og leiinga i Oseana har sett god takhøgd når det gjeld volum og slagkraft på musikken, blir det i første omgang satsa på veteranar.

– Dei yngre og hardara banda skal nok også få prøva seg, men vi har hatt både UKM og jubileumsfest å boltra oss på. No syntes vi det var på tide at desse ringrevane, som øver kvar veke, kjem seg på scenen og kanskje lokkar andre vaksne rockarar ut av stovene for å koma og høyra på.

RIO startar klokka 21.30 denne måndagskvelden og skal innehalda både quiz og konsert. Quiz-mistress Linda Johannessen frå Irish Cat (tidlegare Opus) styrer quizen.

– Denne kvelden skal vi også sjå om vi klarar å sertifisera Oseana som «Rock N Roll approved Venue». Akkurat den oppgåva blir opp til Young Collection, og publikum, seier Kjetil Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.