Blir ikkje selt
Seks frå Frp ville selja, men dei 29 andre i kommunestyret stemte for å behalda eigedomen og riva det gamle Røde Kors-huset.


Den tidlegare distriktslekjarbustaden på Giskavollen skal rivast. Det bestemte Os kommunestyre tysdag kveld.
Espen Aspenes (FrP) fremja mindretalsinnstillinga i eigedomsutvalet, der han gjekk for «vurdering sal», men då med klare føringar om at kjøpar pliktar å restaurera huset i tråd med gjevne retningslinjer.
Innstillinga fekk fire stemmer (Frp) og fall. Børge Lunde (H) ville at kommunestyret skulle ta endeleg avgjerd, noko som blei samrøystes vedtatt. I kommunestyret stemte 6 i Frp for sal, 29 for å behalda eigedomen og riva huset og tilhøyrande brakker.
- Os kommune har selt fleire eigedomar, som etter sal har blitt tatt godt vare på. Os Næringspark er eit godt eksempel, meiner Tore Rykkel (V).
- Men Os kommune har ikkje så mange bygningar sentralt i Os igjen, dessutan ligg eigedomen nær Minneparken, og her bør det ikkje koma kva som helst av bygning eller aktivitet, legg han til.
Huset, som blei bygd rundt 1920, med tilbygg i 1980, er med kjellar, loft og dei to andre etasjane på 465 kvadratmeter.
I tilstandsrapporten står det at restaurering vil kosta om lag 80 prosent av prisen på eit nybygg. «Bygningen har fått eit skjemmande tilbygg», og er ikkje freda.