Lokal | 02. aug. 2018

Blir midlertidig parkeringsplass frå fredag

Circle K-tomta skal gjera nytte for seg før parkeringshuset blir bygd.

Blir midlertidig parkeringsplass frå fredag
Frå i morgon kan du parkera her når du besøker Os sentrum, men berre i 3 timar om gangen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. aug. 2018 13:29

Fredag morgon skal skilt på plass, tomta der Circle K (tidlegare Statoil, BP og Norol) sto skal fungera som midlertidig parkeringsplass.

– Plassen blir ikkje asfaltert. Det er ikkje så lenge til den skal nyttast til andre formål, så vi vil ikkje bruka pengar på det, seier rådmann Christian F. Fotland.

Det blir 3-timarsparkering på tomta, men sidan det er grus på mesteparten av plassen blir parkeringsplassar heller ikkje merkte av.

– Vi håper og reknar med at bilistane bruker fornuft og ikkje sperrar kvarandre inne, seier Agnete Haugland på teknisk eining.

• Det skal byggast parkeringshus med 220 plassar på tomta.

Før byggestart skal den gamle brannstasjonen rivast, og når dette arbeidet startar skal plassen brukast som riggområde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.