Lokal | 13. apr. 2016

Blir nytt bustadfelt i strandsona

Tellevika, som kan bli Os' neste friluftsområde, får òg ein ny nabo i form av eit bustadområde heilt i sjøkanten.

Blir nytt bustadfelt i strandsona
Greidalen blir fylt med stein frå Ohara-tunellane. På den grusa flaten kan det koma 75-90 leilegheiter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. apr. 2016 13:43

Bildeserie:

Før byggestart på Ohara var det mykje hogst i dalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Før byggestart på Ohara var det mykje hogst i dalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tellevika kan bli tatt inn under BOF-paraplyen og få seg eit løft. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tellevika kan bli tatt inn under BOF-paraplyen og få seg eit løft. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Når arbeidet er ferdig blir området truleg selt til ein privat utbyggar. (Kart: Os kommune)
Når arbeidet er ferdig blir området truleg selt til ein privat utbyggar. (Kart: Os kommune)
1 av 3
Før byggestart på Ohara var det mykje hogst i dalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tellevika kan bli tatt inn under BOF-paraplyen og få seg eit løft. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Når arbeidet er ferdig blir området truleg selt til ein privat utbyggar. (Kart: Os kommune)

I samband med bygging av nytt hovudreinseanlegg for avlaup i Os, OHARA, blir det fylt på med stein i Greidalen, nedanfor Sollia, mellom Brothaugen og Kuhnle.

Sjå videoreportasje frå dei djupe tunellane i Ohara-prosjektet

Nedst i Greidalen ligg Tellevika, der innslaget på ein av tunellane er. Den populære lokale badefjøra mellom Mobergsvika og Kuvågen kan bli Os sitt neste friluftsområde.

– Når arbeidet er over vil vi gje fjøra eit løft. Vi er i dialog med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), som har vore på ei «førebels-synfaring», og som truleg vil ta Tellevika inn som det neste friluftsområdet i Os, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kan få 75 til 90 leilegheiter

Os kommune eigde i Greidalen frå før, og har i tillegg kjøpt eit område av fondet Fru Lissi Kuhnle Minde.

I arealplanen er området sett av til bustad, rundt 75 til 90 leilegheiter kan det bli plass til.

– Detaljregulering er førebels ikkje tatt, vi har berre laga nokre skisser. Det er heller ikkje bestemt om det blir vi eller ein utbyggar som skal ta detaljreguleringa, seier Søviknes.

– Området ligg svært nær sjø, er forholda kring 100-metersbeltet avklart?

– Ja, det er det. Det er heller ikkje plan om å legga inn nokre offentlege føremål, det blir eit reint bustadområde.

Kan bli selt i den opne marknaden

Det nye bustadområdet ligg framleis i rådhuset, ikkje hos Os Bygg og Eigedom, som blant anna selte tomter i Sollia. Det er heller ikkje sikkert at det er den vegen det skal gå.

– Når arbeidet i området er ferdig og tomta er opparbeidd skal vi truleg ut i marknaden og selja det.

Korleis kommunen skal selja eigedom var tema i formannskapet i går. Saka blei vedtatt i tråd med innstillinga frå administrasjonen; at Os kommune som hovudregel sel i den opne marknaden, men for enkelte større eigedomar, eller eigedomar med spesiell plassering (som Fjellheim, Askviknes og dette området i Greidalen) kan velja ei avgrensa bodrunde etter prekvalifisering eller å forhandla direkte med ein enkelt utbyggar.

– Sånn kan vi både sikra at vi sel til ein med økonomisk gjennomføringskraft, at ikkje det berre er ein kjøpar som sit på området eller sel det vidare, og vi kan vera med å bestemma delar av forma området skal få, seier Terje Søviknes.

Midtsiden kjem tilbake med meir om dette temaet i referat frå formannskapet tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.