Lokal | 14. aug. 2019

Blir permanent einvegskøyrd frå i morgon

Frå torsdag 15. august kan du køyra frå Nordisk Rom til Havnechefen, men ikkje motsett veg.

Blir permanent einvegskøyrd frå i morgon
Inn, men ikkje ut: Denne gata blir einvegskøyrd frå torsdag morgon. Skiltplan innfelt. (Foto/ill: Kjetil Vasby Bruarøy/Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. aug. 2019 09:28

Frå torsdag 15. august blir gata Øyro frå butikkane Nordisk Rom og Apotek1 forbi Bakketeig til Torggata einvegskøyrd.

– Dei første skilta som kjem opp er midlertidige, men løysinga, og etterkvart skilta, er peranente, seier prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik.

Du kan framleis køyra inn Telthuskvartalet, til for eksempel Coop Extra og Moberg Sko, og ut igjen ved Lundehjørnet. Men frå Nordisk Rom forbi Bakketeig til torget er det berre inn, ikkje ut.

Målet er å betra trafikkflyten i sentrum

Det var i politisk kvarter i Os formannskap 4. juni i år at løysinga kom på bordet.

Sesam Sesam, som skulle organisera parkeringa i Os sentrum, var konkurs, og tiltak for å betra trafikkflyten i sentrum blei diskutert.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) kom med forslag om å stenga for trafikk ved Drageset-hjørnet, prosjektsjef Hanevik svarte på spørsmålet med å forslå einvegskøyring.

– Vegvesenet har sagt ja, vi har Os sentrumsforening i ryggen og vi har skilta liggande klare, fortalte han.

Ordførar Søviknes (Frp) la det fram som eit forslag,

Eit samstemt formannskap gjekk inn for løysinga, som altså trer i kraft frå i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.