Våren 2017 var Rune (t.h.) med på å slå Os ut av cupen, då Nest-Sotra vann 4-1 på Kuventræ. Her i ferd med å takla Anders Havsgård. (Foto: KVB)

Blir spelande assistent for Os

Tidlegare Nest-Sotra-spelar Rune Åsheim Mo (24) blir Endre Brenne sin assistenttrenar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I førre veke blei det kjent at dagleg leiar og høgreback Endre Brenne legg fotballskoa på hylla og overtar som hovudtrenar for Os sitt A-lag.

I dag har Rune Åsheim Mo signert toårsavtale som spelande assistenttrenar.

– Eg er i gang med trenarutdanninga mi, og skal over på UEAF B-lisens når eg er til sommaren ferdig å studera, seier pedagogikk-studenten til Midtsiden.

Via Nest-Sotra og Lysekloster

Midtbaneankeret har vakse opp i Trio og spelte for FK Haugesund sitt juniorlag før han, via Stord og Brann 2, gjekk til Nest-Sotra.

For Stord har han skåra til saman 10 mål på 57 kampar. Han hadde 17 kampar for Nest-Sotra før han i januar signerte med Lysekloster.

I haust heldt han fram for Lysekloster, som trenar for Lysekloster/Nore Neset G14, men spelte for Stord.

– Ein god ressurs

Påtroppa hovudtrenar Endre Brenne er svært nøgd med signeringa.

– Eg kjenner han som ein god spelar og ambisiøs trenar, og eg trur vi kjem til å jobba godt saman. Eg trur òg han vil passa godt inn i gruppa, både som treningskamerat og del av trenarteamet.

Mo fortel at han har høyrd mykje bra om Brenne, og at han ser fram til både å spela og å utvikla seg som trenar på Kuventræ.

– Som trenar på Nore Neset og spelar på Stord blei det mange kampar og litt lite trening i haust. Men eg har trent godt etter sesongslutt og formen er fin, seier Mo.

Fleire saker