Kultur | 10. apr. 2012

- Blir veldig kjekt

Ingrid Søfteland Neset gjer som dei store når ho fredag er solist for Filharmonien. - Eg håper ein del osingar tar turen, oppmodar Neset.

- Blir veldig kjekt
Ingrid Søfteland Neset, her under opninga av Oseana, står som solist for Bergen Filharmoniske orkester i Oseana fredag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 10. apr. 2012 08:18

Før Ingrid har namn som Truls Mørk, Tine Thing Helseth og Håvard Gimse fått sjansen til å spela med Bergens Filharmoniske Orkester i konserten "Dei unges konsert". Fredag kan du høyre og sjå den unge fløyteviritousen på heimebane då konserten kjem til Oseana.

- Eg er nett på veg inn til første øving med orkesteret no, fortel Ingrid Søfteland Neset når Midtsiden slår på tråden tysdag morgon.

Bergen Filharmoniske Orkester har tradisjon heilt tilbake til 1938 for å sleppa til unge talent framfor orkesteret gjennom konsertane dei har kalla "De unges konsert".

Måtte kvalifisera seg

Søfteland Neset studerer til dagleg ved konservatoriet i København, kor ho no går andre året på bachelorutdanninga. Nettopp i København blei ho "oppdaga" av Filharmonien og tatt ut til å vera solist med dei under årets konsertar.

- Dei arrangerte prøvespeling i København, Göteborg, Oslo og Bergen.

- Så du måtte gjennom ei reinaste Idol-uttaking for å koma med?

- He, he, det kan du godt seia, smiler Søfteland Neset om vegen fram til solistoppdraget.

Leiken "filmmusikk"

Det er ikkje første gong Søfteland Neset speler med Filharmonien, men første gong som solist.

- Eg har spelt med dei ein gong før, men då i ein duett samen med Hanne Sommerfelt.

Stykka ho skal spela fredag er andre og tredje sats frå Lowell Liebermann sin fløytekonsert.

- Det er eit relativt nytt stykkje skrive i 1992, men likevel vil eg ikkje kalla det for moderne.

- Det ein draumande og roleg sats, og ein meir leiken og litt raskara. Satsane kan minna litt om filmmusikk, forklarar Søfteland Neset.

Konserten i Oseana startar klokka 19.30, men allereie dagen før skal Søfteland Neset kjempa om Kavlifondet sin publikumspris under den tilsvarande konserten i Grieghallen i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.