Kultur | 29. juni 2019

Blir verande ei veke til

Osdagane: Skandinavisk Tivolipark droppar Askøy til fordel for Os.

Blir verande ei veke til
Små og store flaug høgt og lågt på tivoliet i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. juni 2019 15:59

Bildeserie:

1 av 3

Skandinavisk Tivolipark har besøkt Os kvar sommar i ei årrekkje, stort sett under Osdagane/Marknadsdgane, med unntak av 2015, då dei kom ei helg seinare.

– Dei siste åra har mengda omreisande tivoli blitt redusert frå 20 til 3. Det er mange byar og bygder som ønskjer besøk av oss, men vi held på Os som destinasjon på turnéplanen, sa innehavar Roy Andersen til Midtsiden i 2017.

I 2018 blei dei verande to helger, i år skulle det i utgangspunktet berre bli éi helg.

– Askøy blir avlyst, så vi blir her ei veke til, seier driftsleiar Terese Andersen.

Gode dagar i Os

Tivoliet opna torsdag etter lunsj, fredag formiddag var det som vanleg gratis tivoli for barnehagar og SFO.

– Barnehagane stilte veldig sterkt, dei var så mange at vi opna fleire attraksjonar enn vi plar når vi har barnehagebesøk.

– På Vestlandet er vi ikkje så vêravhengige, men vi er sjølvsagt nøgde med at det har vore sol og varmt alle desse første tre dagane.

I morgon, søndag, skulle vore siste dag for i år. No blir dei verande til og med neste helg.

– Måndag til onsdag har vi generelt vedlikehald, så opnar vi igjen torsdag og køyrer ei langhelg til, seier Terese.

Det enkle er òg populært

Nytt i år er bilbane og oppblåsbar rutsjebane.

– Bilbanen var ny til 17. mai, men også rutsjebanen er populær, sjølv om dette er ein aktivitet som ungane gjerne får tilbod om noko oftare, på ulike torgdagar og fotballcupar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.